God eigeninntening i kulturhusa

Kulturhusa er ein berebjelke i kulturlivet i Noreg og klarer seg bra med nokså moderat offentleg støtte.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturhusa tener pengar

Med eit samla besøkstal på over to millionar i året, gir kulturhusa rundt om i landet mykje kultur for pengane. Medan ein billett til ein symfonikonsert i Noreg blir støtta med godt over 1.000 kroner frå det offentlege, får kulturhusa berre 160 kroner for kvar billett dei sel, viser undersøkinga, som Bedriftskompetanse har gjort for Norsk Kulturhus Nettverk.

Dei siste åra har løyvingane til kulturhusa også stått stille, mens inntektene har auka. Totalt hadde dei 79 kartlagde kulturhusa inntekter på 670 millionar kroner i fjor. Av dette var halvparten billettinntekter, mens 320 millionar kroner var offentleg støtte, pengar som i hovudsak blir løyvde over kommunebudsjetta.

Om lag 9 prosent av inntektene til kulturhusa var sponsorstøtte og prosjektstøtte. Oppimot 50 kulturhus har dessutan kinodrift, som ikkje er rekna med i undersøkinga.

God eigeninntening
Styreleiar Ola M. Løkholm i Kulturhusnettverket meiner mange kulturhusleiarar kan kjenne seg igjen i bildet.

– Vi har ei eigeninntening på mellom 60 og 70 prosent. Det kravet er det ingen andre norske kulturinstitusjonar som møter, seier han til Aftenposten.

Seniorrådgivar Stein Windfeldt i Bedriftskompetanse slår fast at kulturhusa er ein berebjelke for kulturlivet over heile landet. Aktiviteten er høg og besøket godt, fortel han.

– Vi har vorte overraska over den breidda kulturhusa representerer. Nesten halvparten har eigne galleri, mange husar kulturskolen, og svært mange har etablert seg som kulturelle kraftsenter både for kommunen huset ligg i, og naboområda. Så mykje som 60 prosent av dei som besøkjer kulturhusa, kjem frå ein annan kommune, seier Windfeldt.

Få av kulturhusa har likevel søkt om støtte over den nye arrangementsstøtteordninga til Norsk kulturråd, som i haust vart styrkt med fire millionar kroner. Pengane var nettopp er mynta på eigenproduksjonar i kulturhusa. Det håper Kulturrådet endrar seg i tida som kjem. (©NPK)

Faktaboks

Kulturhusa i Noreg
* Tilsette: 800
* Samla byggjekostnader: 10 milliardar kroner
* Publikumskapasitet: 74.000 sete
* Arrangement: 7.300 per år
* Billettsal (utanom kino): 2 millionar billettar
* Samla inntekter: 670 millionar kroner
* Offentleg støtte: 320 millionar kroner