Oslo-ungdom vil bli kvitt bilane

Bilfritt sentrum, lærarevaluering i ungdomsskolen og meir engelsk på ønskjelista til Ungdomens Bystyremøte.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I morgon skal over 130 engasjerte ungdomar debattera seg fram til dei fem viktigaste sakene for Oslo-ungdom under Ungdomens Bystyremøte.

Ungdomens Bystyremøte (UBM) er den viktigste arenaen for ungdomspåverknad i Oslo. Torsdag 7. februar prioriterte ungdomane ti saker. Etter møtet torsdag 16. februar sender Ungdomens Bystyremøte dei viktigaste fem sakene til bystyret.

– Viktig møteplass
– Gjennom Ungdomens Bystyremøte har Oslo-ungdom ein viktig møteplass og arena for politisk innflyting. Vi kjem i fellesskap fram til saker som er viktige for ungdom i byen, og som bystyret må handsama i etterkant. På den måten har vi reell innflyting på den politikken som blir ført i Oslo, seier Julianne Borgen, leiar av Sentralt Ungdomsråd i Oslo i ei pressemelding.

Blant dei ti sakene som skal handsamast på Ungdomens Bystyremøte 16. februar finn vi alt fra krav om utbygging av ny sentrumstunnel for t-banen til gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse for Oslo-ungdom. Det er venta at 130 ungdomar kjem til møtet, som blir heldt i bystyresalen i Oslo Rådhus.

– Stemma til ungdomane i samfunnet er svært viktig. Det er vi som veit korleis det er å vera ung i dag, og kva tiltak som kan setjast i verk for å sørgja for at Oslo er ein god by å bo i for ungdom. Gjennom UBM har vi høvet til å gi politikarane i byen beskjed om kva som kan gjerast betre. Det er eit ansvar Oslo-ungdomen tek på alvor, avsluttar Julianne Borgen.

Desse ti sakene som skal handsamast på møtet den 16. februar:

Ny sentrumstunnel
Billegare kollektivtransport
Fleire ungdomskafeer
Gratis hjernehinnebetennelsesvaksine
Nattlege avgangar på T-banen
Endra skulevalsordning
Lærarevaluering i ungdomsskulen
Grunnleggjande rettar for papirlause
Bilfritt sentrum innanfor Ring 1
Prøveordning med obligatorisk engelsk gjennom heile vidaregåande