Vil kaste ut 4700 treige studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Studieavdelinga ved Universitetet i Oslo (UiO) har kome med forslag til nye krav om studieprogresjon. Forslaga som skal handsamast førstkomande fredag set blant anna eit minstekrav til 20 oppnådde studiepoeng per semester. 

I 2010 tok 35,7 prosent av bachelorstudentane mindre enn 20 studiepoeng i semestret, ifølgje Helge Sigurd Hansen ved Studieavdelinga til UiO. Ifølgje Universita sine utrekningar vil i overkant av 4700 UiO-studentar ikkje oppfylle desse krava. 

Kristisk studentleiar
Studentparlamentet ved UiO er opne for ein debatt om studieprogresjonen, men er svært kritiske til studiedirektøren sitt forslag. 

– Universitetet byrjar i feil ende. Det er utenkeleg at studentane skal bli meir motiverte av straffereaksjonar, seier leiar Stian Skaalbones. 

Han er bekymra for at studentane mistar mykje fridom dersom forslaget går igjennom, og fryktar at ressursane skal flyttast frå dei som treng det mest. 

– Det blir lagt opp til at utdanning skal vere for dei spesielt interesserte, noko som er ein merkeleg måte å seie at «no må vi ta oss saman». Vi får heller betre progresjon ved å gje meir rettleiing til fleire av studentane, seier han. 

No forventar Skaalbones at Studentparlamentet blir invitert inn i diskusjonen viss saka blir tatt vidare. 

NSO uroa
Kritikken blir delt av Norsk studentorganisasjon (NSO) sin leiar, Kim Kantartardjiev. 

– Det er problematisk at eit av landets største lærestader tek som utgangspunkt at straffemetodar vil gje betre studiekvalitet. Dei må starte med det positive, nemleg å gje betre oppfølging til dei noverande studentane. Det er mange som meiner dei ikkje blir følgt opp nok på universitetet. Då blir det heilt feil å kaste dei ut, seier han. 

I forslaget blir det peika på at det er vanskeleg å møte ambisjonane om at alle studentar skal gjennomføre studiet som planlagt samstundes som UiO tillèt at ein berre tek halvparten av dei studiepoengene ein skal. Det reagerer NSO-leiaren på. 

– Gjennomstrauming er ein av måtane å få pengar frå Kunnskapsdepartementet på. Det er diverre eit av få mål på studiekvalitet, men det er lite nøyaktig, seier Kantardjiev. Han har ein klar formeining om kva for ein del av forslaget han synest skadar studentane mest. 

– Krava om 20 poeng studieprogresjon per semester tyder at du potensielt kan miste studieretten om du stryk på éin eksamen. Det er rett og slett skremmande, seier han. 

– Moderat innstramming 
Rektor ved UiO Ole Petter Ottersen stiller seg bak forslaget, men vil ikkje ta eit endeleg standpunkt før etter høringssvarene frå gjennomgangen som finn stad førstkommande fredag. 

– Etter ein grundig diskusjon har vi kome fram til at det er riktig å endre dagens reglement. Eg kjenner ikkje til nøyaktig kor mange som blir berørt, men det er diverre slik at kvar og ei endring vil slå uheldig ut for nokre studentar, seier Ottersen.

Les heile saka i Universitas!

Kva synest du om forslaget?