Smuglar meir øl og vin

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2011 tok Tollvesenet beslag i nesten 415 000 liter øl, ei auke på nær 26 000 liter fra 2010 og åtte gonger så mykje som i 2001.

Beslaga av vin gjorde eit hopp frå ikring 55 000 liter i 2010 til nær 72 000 liter i fjor. Tidlegare har beslaga av vin vore på ikring 50 000 liter i året.

Utviklinga er heilt motsett når det gjeld brennevin. I fjor vart det teke beslag i omlag 42 000 liter brennevin, og det er cirka 10 000 liter mindre enn i 2010. Sprit med over 60 prosent alkohol er på veg ut, i fjor tok Tollvesenet bare 437 liter.

Smuglar ølbrett
Ifølgje Tollvesenets blad «På grensen» vart smuglinga av kanner med sprit nesten borte etter metanolskandalen i 2002. No er det ølbrett og pappvin det smuglast mest av.

Mesteparten av beslaga tek stad på grenseovergangane i Østfold og Hedmark, men tollarar over heile landet melder no om alkoholbeslag i sine distrikt, skriv bladet.

Smuglarane er både dagsreisande nordmenn og kriminelle austeuropearar. Mange av dei som blir stoppa med øl kjem frå samme område i Polen. Ølet skulle seljast både til polakker på byggeplassar og til nordmenn i og ikring dei store byane, ifølgje Hedmark politidistrikt.

Store prisskilnadar
Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeininga er urolege over utviklinga.

– Smuglinga av øl rammar norske arbeidsplassar i bryggeria og butikkane. Den gjev òg mindre inntekter til staten.

Nome meiner øl har vorte ei attraktiv smuglervare utelukkande på grunn av dei store prisskilnadane.

– Øl kostar gjerne det femdobbelte i Noreg samanlikna med Polen. Øl er òg mykje rimelegare i Sverige fordi dei norske ølavgiftene er to og ein halv gong meir enn i Sverige.

Mens Systembolaget nesten har dobla salet av sterkøl til nordmenn dei siste ti åra, har salsauken på brennevin nær stoppa opp. Spritsalet auka med berre ti prosent dei siste ti åra.