Da målsak vart regjeringskrise

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstremannen og fanabuen Konow ytra sin store kjærleik til nynorsken og målrørsla i eit foredrag han heldt i Bondeungdomslaget i Oslo nokre veker før. Talen hans fekk folk i koalisjonspartiet Høgre til å sjå raudt.

Høgre felte regjeringa og braut med det samarbeidet med Frisinna Venstre, eit da nystarta parti med opphav i den konservative fløya i Venstre.

Kåra målstridvinnaren
Kanskje var det mest provoserande for målmotstandarane på Stortinget at statsministeren i foredraget nærast erklærte landsmålet som framtidig vinnar av målstriden:

– Det fanatiske hatet mot denne rørsla «vil nok bli lagt ned om ikkje så mange år som magtesløst og ørkesløst», sa han, etter det som står å lese i Wikipedia.

LES OGSÅ: Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Det må likevel seiast at foredraget nok vart brukt mest som påskot for å felle Konow, som i Høgre vart sett som lat, kjedeleg og utan politisk teft. Konow-regjeringa var lenge før regjeringskrisa alvorleg svekt etter debattane om konsesjonsreguleringa av vassdraga. Med det rauk fanabuen ut av politikken for godt.

Ikkje målbrukar
Trass i dei varme kjenslene statsministeren hadde for nynorsken, brukte han nesten aldri landsmålet sjølv når han skreiv. Som andre målvenner med meir urban bakgrunn vart han aldri målbrukar, går det fram av Store norske leksikon.

Wollert Konow var stortingsrepresentant for Venstre i åra 1880– 1888, den siste perioden som odelstingspresident og stortingspresident. Møllaren frå Stend var dermed borte frå rikspolitikken i over tjue år før han vart kalla til å danne regjering. Den da avgåtte statsministeren stilte til stortingsval i 1912, men kom ikkje inn på Tinget.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Konow er elles kjent for at han i samband med regjeringsdanninga i 1910 skal ha sagt: « … med det ansvar jeg hadde for at danne regjering, vilde jeg selvfølgelig ikke ha nogen indskrenkelse av uvedkommende deri». (©NPK)