Styrer framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Om 10-20 år kan nok heilt klart robotane ta over viktige gjeremål i kvardagen vår. Kanskje dei lagar mat til oss?, smiler fyresdølen, Bjørn Amstrup Spockeli.

Han er ein av om lag 70 studentar som studerer teknisk kybernitikk på NTNU i Trondheim. NTNU er den einaste studieinstitusjonen som tilbyr dette faget i Noreg, og studiet er også unikt i verdssamanheng. Det femårige masterstudiet gjev tittelen sivilingeniør, og Spockeli er no inne i sitt andre år av graden.

– Det er eit veldig spennande studium, der me får brukt mykje av det teoretiske me lærer på førelesningar i praksis. Studiet handlar mykje om styringssystem av ulike fartøy som båtar og robotar. Me har til og med laga styringssystem til ein rakett, fortel Bjørn engasjert.

Teknisk kybernitikk er vitskapen om korleis teknisk dynamiske system som til dømes fartøy, robotar og industrielle prosessar oppfører seg, og korleis ein kan styre slike system automatisk. 

Fornøgd med valet 
Det er tydeleg at han er fornøgd med valet han gjorde etter å ha brukt eitt år på arbeid og reising etter fullført vidaregåande på Dalen.

– Eg trur eg trengte eitt års pause med noko anna enn skule før eg tok til på studia, seier Bjørn, som etter å ha jobba eit halvt år på Dalen tok turen til både New Zealand, Australia og USA.

I studentbyen Trondheim trivst Spockeli godt og han er svært engasjert i miljøet rundt studiet han går på. NTNU har ei lang historie når det gjeld linjeforeiningar som er knytt til kvart enkelt studie som arrangerer diverse sosiale tilstellingar. Spockeli er økonomiansvarleg i hovudstyret til Omega, som er namnet på linjeforeininga til studentane på kybernitikk og elektronikk, og kan fortelje om eit svært godt studiemiljø.

– Det er heilt knall å få vere så tett på styret i linjeforeininga vår. Det tek mykje av fritida mi, men eg vil seie det er ein behageleg og veldig sosial hobby. Miljøet her er i alle fall utruleg godt, smiler han. 

Ein overgang var det likevel for Bjørn å flytte frå bygda i Fyresdal, til Noregs tredje største by Trondheim.

LES OGSÅ: Kunsten intelligens

– Det var litt rart i starten å skulle bu midt i ein by, men det gjekk seg fort til. Men sjølvsagt saknar eg bygda mi i blant, og det er alltid godt å kome heim i feriane, seier studenten, som gjerne kan tenkje seg å flytte heim ein gong i framtida. 

– Det blir nok ei god stund til eg eventuelt flyttar tilbake, men om forholda ligg til rette, er det noko eg absolutt kan tenkje meg. I Fyresdal har ein den vakre naturen tett inn på seg, noko eg er veldig glad i. Men det kjem sjølvsagt an på moglegheitene for jobb, seier den komande sivilingeniøren.

Mange moglegheiter 
Enno har han ikkje heilt bestemt seg for kva for retning han ynskjer å jobbe med innanfor yrket. 

– Moglegheitene er mange og det er mange retningar innanfor kybernitikken som eg synest er interessante. Eg reknar likevel med at eg kjem til å jobbe med ein eller annan form for fartøystyring. Elles synest eg den militære delen av det me jobbar med er veldig spennande, sjølv om ein så klart tenkjer ekstra over dei etiske spørsmåla. Me jobbar faktisk med teknologi som kan brukast til å drepe folk, noko som er ein skremmande tanke, fortel han.

Enno har 21-åringen ein del år på skulebenken før han treng å bestemme seg for arbeid, og nokre av dei har han bestemt seg for å ta utanfor Noregs grenser. 

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

– NTNU har samarbeidsavtaler med universitet rundt om i heile verda, og spesielt Tyskland og USA har universitet som er gode på mitt fagområde. Eg har hatt tysk i mange år på ungdomsskulen og vidaregåande, og det hadde difor vore moro å budd der eitt år og lært seg språket flytande, seier Spockeli, som ikkje har bestemt seg for kvar han vil reise enno, men reknar med det blir anten Tyskland eller USA. 

Fram til då held kvardagen fram på Noregs tekniskvitskaplege universitet for Bjørn Amstrup Spockeli, saman med robotane han trur vil lage maten vår om nokre år. 

LES SAKA I VTB.NO!