Slik skal språket feirast
Språkåret vil by blant anna på sjekke-ordbok, kåring av nasjonalkraftuttrykk, demokratisk vorspiel, språk-appar og folkemarsj.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skal kåra nasjonal- kraftuttrykk
2013 blir eit nasjonalt språkår. Ivar Aasen ville ha fylt 200 år 5. desember. Men for første gong skal òg bokmålet feirast nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk.
– Ønsket mitt er at vi skal ha mykje moro, heite diskusjonar og store opplevingar, seier Grete Riise, leiar for styringsgruppa til Språkåret.
Lista over tiltak inneheld mellom anna mobilapplikasjonar for språkhjelp, språket i norsk rock, språkstafett landet rundt, teaterframsyningar, animasjonsfilm om Ivar Aasen i barndommen, dataspel, verdsblogging om språk og vandreutstilling om språkmangfaldet i Noreg.
70 aktørar
Planen for Språkåret er basert på kontakt med 70 ulike aktørar.
Jens Kihl har vore prosjektleiar for planleggingsarbeidet for Språkåret. Han er opptatt av at Språkåret skal gjere folk til deltakarar, i staden for tilskodarar.
– I alle miljøa har me spurt etter tiltak og arrangement som kan aktivisera folk. Alle har tatt dette med seg vidare, seier han til Framtida.no.
– Me er alle språkbrukarar. Det er vel kanskje det einaste kulturuttrykket me alle har felles i verda, påpeikar han.
Teater-år
2013 er også jubileumsår for Det Norske Teatret. Språkåret opnar i Kristiansand 2. januar på dagen 100 år etter at Det Norske Teatret spelte si aller første framsyning nettopp i den byen.
Etter mange arrangement og ein stor verdskonferanse om språk i Tromsø seint på hausten avsluttar Språkåret i Ivar Aasen-tunet. Der tek Grunnlovsjubileet 2014 over.
– Svært mange har alt no lyst til å vere med på Språkåret, og den entusiasmen skal vi ta godt vare på, seier Ottar Grepstad, leiar for Nynorsk kultursentrum, som leier det vidare arbeidet med Språkåret.
Auka språktillit
Toleransen for nynorsk har auka i seinare tiår, men på fleire område har bruken av nynorsk minka, heiter det i prosjektplanen. No skal Språkåret vere med og auke den språklege sjølvtilliten hos nynorskbrukarane og skape større aksept for den språkdelte norske kulturen.
– Det blir aldri for lite nynorsk i Språkåret. Vi kjem i tida framover til å rette merksemda mot å involvere endå fleire miljø utanfor dei nynorske, seier Ottar Grepstad.