Endeleg nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Foreldra mine meinte det ville bli for mykje stress for lærerane på skulen om eg skulle byte, så eg venta, fortel ho til Sørnett.no.

Draumen om nynorsk som hovudmål måtte vente, men Marin ga han ikkje opp. På vidaregåande fekk ho det som ho ville.

– Venene mine forsto ingenting. Dei kunne ikkje fatte at eg ville ha nynorsk som hovudmål. Eg brydde meg ikkje så mykje om dei negative kommentarane. Det viktigaste er jo at ein sjølv likar det, slår ho fast.

Alltid vore opptatt av språk
Marin har alltid vore opptatt av språk, og særleg då nynorsk. I dag har ho alle lærebøkene sine på nynorsk, og skriv bare bokmål viss ho må.

Det går veldig bra med nynorsk, men verre er det med bokmål, fortel Marin som må innrømme at det til tider kan vere forvirrande å skrive på bokmål.

Mor hennar kjem frå Vestlandet, og ho tenkjer at det er noko av grunnen til at ho valde som ho gjorde. Nynorsk betyr mykje for ho. Marin synest nynorsk er eit vakkert og rikt språk som er viktig å halde på.

Meir nynorsk på tavla
Ho meiner at både bokmål og nynorsk er nyttige å kunne, men at nynorsk i aukande grad bør flettast inn i norskundervisinga.

– Viss lærarar skriv på nynorsk i tavleundervisinga, vil det bli enklare å få det inn. Nynorsk bør lærast på lik linje med bokmål. Det er ikkje rart at folk ikkje likar nynorsk når dei ikkje meistrar det.

Marin meiner fleire timar med nynorsk vil forbetre eksamensresultata.

– Med fleire timar sette av til nynorsk, vil fleire bli motiverte. Viss ein lærar seg språket skikkeleg, vil ein oppnå meistring, og då blir det gøy. Det er jo ikkje noko morosamt å gjere ting du ikkje meistrar.

LES SAKA PÅ LNK.NO!