– Vi studerer ikkje for å ha ferie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ein har krav på til saman ti månader studiesemester. Dette er derimot langt frå ein realitet for studentar ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV), Det humanistiske fakultet (HF) og Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB). 

Medan dei fleste er godt i gang med studia sine er det nokre som har fått ekstra lang ferie. Etter å ha fått juleferie 8. desember hadde Julie Hojem og Ingeborg Seeberg, som studerer europastudier på SV, sin første ordinære førelesing på torsdag. 

Urettferdig 
– Sjølv om det er greitt med lang ferie gjer det at ein pressar mykje lesing inn på kort tid. Eg synest det er travelt å kome seg gjennom pensum, og dermed urettferdig at vi har tre månader kortare enn andre å studere på, seier Hojem. 

Den siste eksamenen deira er sett til 18. mai. 

– Det er veldig tidleg. Kunne dei ikkje rullert på kven som startar seinare? Det viser jo berre at andre fakultet blir prioritert framfor andre, seier Seeberg. Ho får støtte frå Hojem. 

– Eg ser ikkje logikken i at SV skal ha kortare semester enn andre, seier ho. 

– For korte 
– Vi studerer for å lære, ikkje for å ha ferie, og på tre månader kunne vi lært mykje meir, seier Hanna Sinnes, representant frå Studentlisten. 

Saman med Agnethe Smith Wiker har ho skrive eit leserinnlegg om problematikken knytt til korte semestere i denne utgåva av Studvest

– I dag gjer UiB inkje for å tilretteleggje at ein har eit kortare semester. Semesterene må vere like lange, og viss ikkje må dei tilpasse pensum, seier Sinnes. 

Ho nemner òg at eit argument som har vorte brukt har vore at professorane treng forskingstid. 

– Det er bra at professorar får tid til å forske, men det skal ikkje gå utover studietiden og studiekvaliteten, seier Sinnes. 

Oppfordrar til å klage 
– Det er lovfesta at studiesemesteret til saman skal vere ti månader, seier Jorid Martinsen, fag- og forskingsansvarleg i Arbeidsutvalet i Studentparlamentet ved UiB. 

Ho oppfordrar studentane til å klage når dei ser at semestret deira er for kort. 

– Studentar må generelt bli flinkare til å evaluere emna sine. Det er viktig at ein er medviten på at det er ein forskjellsbehandling, seier Martinsen. 

Hun fortel at HF i Oslo har lengre semester og at studentane dermed lærer og får utnytta skuleåret meir. 

– Det er rett og slett urettferdig at ein som går HF i Bergen ikkje får fylla opp skuleår på same måte. Det sender signal om at utdanninga ikkje er like mykje verd, seier Martinsen. 

LES SAKA I STUDVEST!