Du har kanskje fått med deg at det har vore ein smule diskusjon om sidemål igjen denne veka.

mm

Bakgrunnen for debatten denne gongen var eit forslag frå utdanningsdirektoratet om omlegging av norskfaget, fronta av kunnskapsminister Kristin Halvorsen, trulig fordi ho må henge i å fronte eit eller anna før partiet hennar forsvinn.

Som vanlig når ein diskuterer sidemål, så tok det litt av også denne gongen. Folk blei sinte.

La oss derfor roe oss heilt ned og sjå på kva som faktisk står i forslaget frå utdanningsdirektoratet.

For å halde på nøytraliteten min, og for å sleppe til alle sider i like stor grad, har eg bedt ein typisk nynorskbrukar og ein typisk bokmålsbrukar om å lese forslaget og gjenfortelje det.

Først, her er forslaget frå direktoratet, slik ein typisk nynorskbrukar les det:

«Utdanningsdirektoratet går inn for ei omlegging av norskfaget. Målet med denne omlegginga er å kaldkvele nynorsken som språk og i størst mulig grad få dei som framleis insisterer på å bruke dette grautmålet til å verke som langsinte, elitistiske bønder som ikkje innser at slaget er tapt.

Direktoratet er sjølvsagt klar over at dette har vore hovudmålet med norsk språkpolitikk i ei årrekke allereie, men direktoratet ser at arbeidet går for sakte og at det framleis er faretruande mange nynorskbrukarar i deler av landet. Tida er no inne for meir drastiske tiltak. Direktoratet går derfor inn for ein politikk som meir aktivt fremjar daglig mobbing og plaging av nynorskbrukarar.

Mobbing og plaging med sikte på kaldkveling av humørlause bønder må bli den norske statens offisielle og uttalte språkpolitikk.

Direktoratet går inn for at ein snarast mulig utarbeider ei liste over ord og uttrykk som kan brukast i mobbinga og plaginga av nynorskbrukarane, slik at elevane slepp å finne på slike ord sjølve og heller kan bruke tida si til å lære seg hovudmålet sitt endå betre.

Eksempel på ord som kan brukast er bonde, rautar, sylfest, rautegauk, gaukrautar, kvislekvast, stutkuk, mjølkerautar, rautmjølk og tufs.

Det er dessutan viktig at mobbinga ikkje avgrensar seg til ord. Direktoratet anbefaler også skubbing, knuffing, snøballkasting, spytting, hånlatter og – i tilfelle der alt anna er prøvd – lugging.

Vidare går direktoratet inn for å lage nynorske ordlister med tittelen «spynorsk mordliste» ferdigtrykt på omslaget, for å spare elevane for meirarbeidet med å påføre dei ekstra bokstavane sjølve. Så kan elevane heller bruke tida si til å lære seg hovudmålet sitt endå betre, og til å plage, mobbe, skubbe, lugge og kaldkvele langsinte mjølkerautande stutkukar som ikkje innser at slaget er tapt.

Det er elles viktig, om ein skal nå målet, at det ikkje berre er elevar som mobbar. Her må også lærarar, føresette og tilfeldig forbipasserande ta sin del av jobben.

Dette framlegget frå direktoratet er skrive på spynorsk, fordi vi som jobbar i direktorat blir tvinga til å skrive spynorsk av langsinte elitistiske gaukrautande bønder.

Koz,

Direktoratet»

 

Og no: Framlegget frå direktoratet, slik ein typisk bokmålsbrukar les det:

«Direktorata hev nu omsida fårstått det alle andre har forstått lenga, nemleg at nynorska er daudande og at det ikkja er noka grunn til at elevana skal vertast tvinga til å læra noka inga forstår at dei har bruka for.

Om elavana i stada får konsentrera seg om at skriva bokmål og lesa det dei har lyst til, vil de få eit mykja betra forhold til språka og bli flinkara til å lesa og skriva.

Detta framlagga er skræva på nynorska fordi det er statens politikk at mykja papir i det offentliga skal skrævast på nynorsk. Detta er både tidkravjanda, byråkratask og unødvenda. Dessutan kan vi som jobbar i direktorata, som dei fleste andra i Norug, ikkje nynorsk. Noko detta framlegga skulle vilja visast på klarast moglag veis.

Så kvissleis skal vi tvangast til å skræva da?

I den forrige setninga stænd det før eksempa minst tre ord som vi ikkje forstår sjølv eingong. Sosleis er det blitt i dagas samhelle.

 

I rest my case.

Koza,

 

Direktorata.»

 

Stod først på trykk i Aftenposten 28. januar.

LES FLEIRE ARTIKLAR AV ARE KALVØ HER!

Eller prøv deg på bokmåls-quizen vår!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE