SV-arar ser raudt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV-leiar og kunnskapsminister Kristin Halvorsen opna denne veka for å tone ned sidemålsundervisninga i den nye læreplanen som Utdanningsdirektoratet no arbeider med. Det har ikkje falle i god jord hos mange medlemmer av partiet, som i partiprogrammet vil styrkje nynorsken.

Spontan kritikk
SV-laget i Naustdal i Sogn og Fjordane reagerte spontant og vedtok same dagen ein skarp kritikk av framlegget.

Åsmund Berthelsen i Naustdal SV seier han fekk frukosten i halsen da han på radio hørte partileiaren sin gå inn for å fjerne sidemålskarakteren og sidemålseksamen.

– Eg reagerte fordi eg oppfatta det som eit åtak på nynorsken, seier Berthelsen til NRK.

QUIZ: God i sidemål? Prøv deg på bokmåls-quizen vår!

SV-arar på Vestlandet har òg nytta det interne e-postforumet til partiet til å ytre kritikken. Blant dei er landsstyremedlemmene Oddny Miljeteig frå Bergen og Oddrun Årflot, som er fylkesleiar i Møre og Romsdal.

Trønderar i opprør
I Nord-Trøndelag er det også mange SV-medlemmer som er forstøkte over framlegget.

– Eg reagerer sterkt på at dette framlegget kjem no. Konsekvensen er at nynorskopplæringa får enda mindre merksemd, seier fylkesleiar og landsstyremedlem Trond Martin Sæterhaug til NRK.

Fleire av fylkeslaga i partiet varslar om kritiske årsmøtefråsegner og ventar at saka kjem opp på landsstyremøtet til SV i mars.

Kunnskapsministeren sjølv seier til NRK at ho ikkje har gjort seg opp ei meining om framlegget.

– Det blir ikkje konkludert i saka før læreplanen har vore på høring, og det blir om eitt års tid, seier Kristin Halvorsen. (©NPK)