Fråfallet er lågast i vest

Fleire og fleire held fram på vidaregåande, særleg i Sogn og Fjordane

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har sett seg som mål at talet på elevar som gjennomfører vidaregåande opplæring skal aukast frå 69 prosent til 75 prosent innan 2015.

– Dette er eit krevande, men realistisk mål, understrekar kunnskapsminister Halvorsen.

Ny GIV er eit treårig prosjekt som skal etablere eit varig samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar for å få fleire ungdommar til å fullføre videregåande opplæring. Det er sett i verk både nasjonale og lokale tiltak. Ny GIV vart lansert hausten 2010 og går ut 2013.   

– Vi veit at mange elevar slit med motivasjonen. Det finst ingen trylleformlar, men erfaringane frå Ny GIV har synt oss at elevar som hadde mista motivasjon mot slutten av ungdomsskulen har fått betre prestasjonar og lyst til å halde fram, seier Halvorsen.

Best i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane har klart minst fråfall i landet med 19,3 prosent i 2010.

Per Jørgen Loen, assisterande fylkesdirektør for opplæring i fylket, syner til ei rekke med tiltak fylket har gjort for å auke talet på dei som gjennomfører vidaregåande opplæring og reduserer fråfallet for å gjere greie for kvifor fylket kjem så godt ut av det samanlikna med andre fylke.

Her er det sentrale ansvarleggjering, tilpassa opplæring, miljøkoordinatorar, sommarskule, oppfølging,  ekstra tilskot til bedrifter som tek inn lærlingar med ekstra behov og god kontakt mellom skular og lokalt næringsliv.

Kjelde: SSB/Kommunehelsa

Faktaboks

Prosjekta i Ny GIV er:
1.Gjennomføringsbarometer – felles mål for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring og felles data- og statistikkgrunnlag for å vurdere måloppnåinga.
2. Oppfølgingsprosjektet – betre samarbeid mellom fylkeskommunen og NAV om ungdom som over tid har vore ute av utdanning og arbeidsliv.
3. Overgangsprosjektet – systematisk samarbeid mellom kommune og fylkeskommune om tett oppfølgjing av svakt presterande elevar som risikerer å ikkje meistre vidaregående opplæring.

Kjelde: Kunnskapsdepartementet.