Gardsutsala har god hygiene

Små gardsutsal og serveringsstader har god hygiene og god handtering av mat.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Resultata viser at mykje er bra i desse verksemdene, sjølv om det framleis står att nokre utfordringar, spesielt når det gjeld interkontroll og oppfølging av eiga vassforsyning, landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Han peikar på at produksjon av mat med lokal identitet er eit viktig satsingsområde, men at det er grunnleggjande viktig at maten er trygg. Statsråden meiner undersøkinga til Mattilsynet lovar bra i så måte.

Til saman 291 småskala gardsutsal og serveringsstader over heile landet var med i undersøkinga til Mattilsynet i fjor. (©NPK)