Aksjonerer mot eiga regjering

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

AUF, Sosialistisk Ungdom og Senterungdommen er leie av å venta. I formiddag aksjonerte dei saman med Changemaker for å finne tilbake til måla om ein rettferdig handelspolitikk i regjeringserklæringa, ved å setja modellar av partileiarane på plass i eit stort Soria Moria-bilde.

– Velferdsstaten vår er bygd på god norsk politikk gjennom heile forrige århundre. Me kan ikkje nekte fattige land høvet til å utvikla eigne velferdsstatar med aktiv næringspolitikk, seier leiar i AUF, Eskil Pedersen i ei pressemelding.

Noreg har bygd mykje av rikdommen sin på å stille strenge krav til utanlandske selskap sine investeringar i vasskraft og olje.

I Soria Moria 2 lover regjeringa å [..ikkje må ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikle vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn.]. I WTO har Noreg i lag med ei rekkje rike land pressa fattige i land til liberalisering av energitenester.

– Meir landbruk i Sør
– Det trugar livsgrunnlaget for fattige bønder når billig mat blir dumpa på marknadene deira fordi det blir produsert for mykje i EU og USA. Eg forventar at regjeringa støttar krava frå utviklingslanda om eit skikkeleg tryggingsvern i WTO der dei kan stenge ute dumpa mat, seier Sandra Borch, leiar i Senterungdommen.

LES OGSÅ: Trick or treaty?

I WTO har ikkje Noreg støtta krava frå utviklingslanda om ein fungerande antidumpingsmekanisme på landbruksvarer. På same tid har Noreg klart å beskytte seg mot dumping av 581 ulike landbruksvarer i gjeldande WTO-regelverk.

Rettferdig handel krev openheit
– Handel kan vere viktig for utvikling, men kan òg vera skadeleg. Difor må det vere rettferdig handel. For å unngå skadelege konsekvensar av handelen, må vi ha større openheit rundt handelspolitikken. Me må få større innsyn i kva dei norske posisjonane i forhandlingar faktisk er. Me kan ikkje ha det sånn at departement kan gå på autopilot for frihandel, seier leiar i SU, Olav Magnus Linge.

Felles sentralstyremøte
I morgon, fredag, arrangerer dei raudgrøne ungdomspartia for første gong eit felles møte mellom sentralstyra sine.

– Ein av grunnane til dette er at me må byggja opp igjen gnisten for det raudgrøne samarbeidet, seier Sandra Borch, leiar i Senterungdommen. Klimamelding, bustadmelding og kampen mot vikarbyrådirektivet er saker ho ser ungdomspartia bør kjempa om saman for å løfta inn i regjeringa.