Mangel på storfekjøt

Nortura åtvarar om mangel på norsk storfekjøt i norske butikkhyller.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Smørmangelen har allereie ført til at det er mangel på enkelte kjøtprodukt i butikkane, sidan bøndene har halde igjen dyra sine for å produsere mjølk til smør, i staden for å sende dei til slakt.

– Det er vanleg at det er færre dyr til slakting etter nyttår, men i år har det blitt endå mindre enn vanleg på grunn av smørkrisa. Enkelte produkt kan forbrukarane oppleve at det er tomt for i hyllene, seier informasjonssjef i Nortura, Ellen Flø Skagen til NRK.

Men situasjonen er mørkare enn som så. Smørkrisa har berre forsterka ein underliggjande og meir alvorleg situasjon, ifølgje Flø Skagen.

Storfeproduksjonen har gradvis gått nedover, noko som på sikt kan få større konsekvensar.

– Produksjonen av norsk storfekjøt er for låg i forhold til etterspurnaden. Hadde det ikkje vore for importen, så hadde vi hatt for lite storfekjøt i butikkhyllene, seier Flø Skagen.

Ifølgje informasjonssjefen skal konsernet no be landbruksstyresmaktene om å forme ut ein nasjonal strategi for å auke produksjonen av storfekjøt i Noreg.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) seier til NRK.no at det har blitt satsa mykje på næringa dei siste åra og at det skal halde fram.

– Landbruks- og matmeldinga, som nyleg blei lagt fram, har den mest ambisiøse produksjonsmålsetjinga vi har hatt i landbrukspolitikken. Vi vil auke kjøt- og matproduksjonen, basert på norske ressursar, seier Brekk.

Men så lenge marknaden heile tida blir dekt opp med importert kjøt, kjem mykje an på forbrukarane og om dei vel norske produkt. (©NPK)