Jublar for lyntog-rapport

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natur og Ungdom er glade for at utgreiinga frå Jernbaneverket viser at fire av fem strekningar vil vere bedriftsøkonomisk lønsame, viss ein held investeringane utanfor.

– Lyntog må vera ein del av transporten i framtids-Noreg. Det er meir trafikksikkert, vil kunne betra luftkvaliteten og er eit klimavennleg reisealternativ. Me kjem ikkje vekk frå at lyntog er ein del av løysinga, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Lønsamt med lyntog

Ulike utgreiingar – ulike resultat
Parallelt med Jernbaneverkets utgreiingsarbeid har Deutsche Bahn, på oppdrag for Norsk Bane, gjennomført detaljerte trasévurderingar for høgfartsbanar i Noreg. Deutsche Bahns traséforslag for ein bane mellom Austlandet og Trøndelag har berre 39 prosent tunnel, mot 57 prosent i Høgfartsutgreiinga.

– Jo meir tunnel det blir bygd i, jo høgare er CO2-utsleppa og kostnadene. Difor er det svært interessant at fagmiljøa her er usamd. Natur og Ungdom meiner difor det er viktig at styresmaktene tek med seg både utgreiinga frå Jernbaneverket og Deutsche Bahn i den nye Nasjonal transportplan, held Lundberg fram.

Fornybart i Europa – lågare totalutslepp
Høgfartsutgreiinga har vurdert klimarekneskapen til lyntog ut frå ein livsløpsanalyse. Dette vil seie at dei vurderer CO2-utsleppa frå produksjon av sement og anna materiell som trengst til utbygginga, og legg eit nordisk CO2-anslag på elektrisiteten toga i framtida vil gå på.

– Vi veit at Europa er i ferd med å leggja om el-produksjonen til å bli langt meir fornybar. Dette vil føra til lågare utslepp av den produserte elektrisiteten som igjen vil påverka anslaga for CO2-utsllepp og CO2-sparingar knytt til høgfartsbanen, seier Lundberg.

– For å oppsummera det som har kome i dag: det er ingen grunn til å ikkje starta utbygginga av den første lyntogstrekninga. Natur og Ungdom krev at spaden går i jorda på den første strekninga innan 2015, avsluttar Lundberg.

Lovar svar i 2013
Ifølgje samferdsleminister Magnhild M. Kleppa (Sp) er det først til neste vår at ein kan få svaret kva tid og kva strekningar som vil bli bygd med fart på 250 kilometer i timen eller meir.

Skal det byggjast lange strekningar må det mykje pengar til. Kvart år bruker Noreg om lag fem milliardar kroner på investeringar i jernbane. Prisen for strekningane som er vurdert mellom dei store byane i Sør-Noreg vil vera på over 100 milliardar kroner kvar.

Sjå oversikt over pris, samfunnsøkonomi og klimabalanse her!

Bør Noreg ta seg råd til lyntog?