Her får dei tilbake helsestasjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fleire år var styrking av Ørsta kommune sin helsestasjon for ungdom ein del av sakslista til Ungdomsrådet. Men istaden valde kommuna å leggje ned tilbodet, for over tre år sidan.

LES OGSÅ: Fleire tusen unge manglar helsestasjon

– Helsestasjonen hadde stor pågang, og ein arbeida for å få utvida opningstidene. Nedlegginga for tre år sidan fekk difor sterke reaksjonar, ettersom tilbodet var mykje nytta, fortel tidlegare leiar, Hanne Stokke, som no sit i formannskapet til kommunen for Arbeidarpartiet.

– Ein har helseteneste på skulane, men så er det av ulike grunnar ikkje all ungdom som går på skule, påpeikar leiar i Ørsta Ungdomsråd, Jonas Bjørneset.

– Problemet med helsetilbodet i skulen er at det berre er mogleg å nytte samstundes som ein har ordinære timar. Det vil seie at ein må forlate undervisninga. Kanskje er det dei som treng det mest som vegrar seg for å gå, difor meiner eg ein helsestasjon for ungdom er viktig, fortel Hanne Stokke.

Astrid H. Kvalnes frå Helsedirektoratet bekreftar for Framtida at helsestasjon for ungdom skal vere eit supplement til, og ikkje ein erstatning for skulehelsetenesta. Dette er forskriftsfesta.

Er det typisk å nedprioritere ungdom når kommunane slit?

– Det er alltid slik at dei eldre meiner vi ikkje prioriter dei, dei unge meiner at vi ikkje prioriterer unge og så vidare. Vi prøver å prioritere dei som treng det mest. Så eg er ikkje einig i at vi kuttar spesielt i ungdomstilbod, svarar ordførar i Ørska kommune Rune Hovde (H).

– Ungdom og barn er dei som ikkje har stemmerett, og då kan det ofte sjå ut til at det er lett å nedprioritere den gruppa, legg Ungdomsrådsleiaren til, men han forstår ordføraren og trur ikkje det er lett å nedprioritere nokon.

Lovar ny helsestasjon til ungdommen
I budsjettet for 2012 har det nye kommunestyret vedteke å sette av midlar for å få tilbake tilbodet. -I ein situasjon der ei kommune har lite pengar, så må ein kutte. Helsestasjonen for ungdom var ein av dei tinga som vart kutta i fyrige periode. Det var sjølvsagt ingen av politikarane som likte det vedtaket. Men no er eg oppteken av å sjå framover, fortel ordføraren.

Bjørneset er svært nøgd med at dei no er lova helsestasjonen tilbake i kommunen, trass i at budsjettet er stramt også i år.

– Noko av det første det nye kommunestyret gjorde var å få på plass igjen dette ungdomstilbodet, det syns vi er heilt fantastisk, fortel han entusiastisk.

Hadde helsestasjonen vore tilbake, dersom ungdommen ikkje hadde sagt ifrå?

– Aldri i verda. Då hadde vi ikkje fått noko signal om behovet. Ungdommen må engasjere seg og kjempe for det dei trur på, så går det an å nå fram med ting, sjølv om det er vanskelege tider, svarar ordføraren.

– Det er utruleg viktig å påverke uansett kva det er snakk om, dersom vi ungdommane ikkje hadde sagt ifrå, så hadde nok politikarane tenkt at det finnast viktigare saker. Og no har vi lukkast, smiler Bjørneset.

– Sei ifrå, om igjen og om igjen, og ikkje gi opp sjølv om det tek tid, oppfordrar Ungdomsrådsleiaren til andre som kjempar for ungdomssaker i sine lokalmiljø.

Har du tips til saker i kommunen din? Ta kontakt på epost!