Fleire vil studera utanfor Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire hundre studentar frå Universitetet i Bergen reiser kvar år ut i verda, og studentane vel ofte land utanfor Europa. USA, India, Japan og Kina blir er land som blir stadig meir populære.

For tida studerer 350 studentar frå Universitetet i Bergen i meir enn førti land.

I år samarbeidet Universitetet særleg med land som Russland, Brasil, India, Kina og Japan.

– Eg vil varmt rå studentane våre til eit opphald i eitt av desse landa, som får stadig meir å seia i det internasjonale samfunnet og kan gje heilt nye perspektiv. Kunnskapen og erfaringane dei får meg seg kan både gje dei fordelar på arbeidsmarknaden og verdfulle innspel til fagmiljøa her heime, seier viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, Astri Andersen, i ei pressemelding. (©NPK)