Framtidshåp frå Hellas i krise

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Nikolaos Kyriakopoulos
Alder: 25
Bustad: Kozani, 120 km sørvest for Tessaloniki.

Korleis er livet i Kozani om dagen?
– Ikkje mykje annleis enn før for meg, det er ein liten keisam by med lite å gjere. Folk har nok litt mindre pengar enn før, men dei har då nok til mat og det meste dei treng.

Har du jobb?
– Nei, foreldra mine tek hand om meg.

– Arbeidsløysa er stor i det vestlege Makedonia, ei av dei største i Hellas. Ho var alltid stor for unge, men har vorte noko verre no.

Kva framtidsdraumar har du?
– Eg håpar eg kan fullføre studia og finne ein godt betalt jobb. Gjerne gjennom ei akademisk karriere innan matematikk eller fysikk/astronomi. Eg fullfører no ein master i praktisk matematikk

Kva trur du vil hende framover?
– Eg veit verkeleg ikkje. Folk ser ut til å tru at vi vil gå konkurs… men EU har hjulpe ein del så langt, og kan ikkje tru at dei gjev opp etter å ha investert så mykje pengar.

Er politikk viktig for deg?
– Det er klart at det må vere ein mate å la alle kome til orde, og balansere ulike interessar, men i Hellas er ikkje det politiske systemet slik. Det har vorte «profesjonelle» politikarar og mange av desse er lever i ei heilt anna verd enn folk flest gjer, slik eg ikkje har inntrykk av at representasjonen vi har har i parlamentet er slik den burde vere. Vi har val, teoretisk sett er vi veldig demokratiske… Om Om EUmen det verkar oftast som om vi må velje det som er minst ille enn å få gjeve uttrykk for meiningane våre, som er trist.

Kva synest du om EU?
– Eg likar EU, sjølv om eg kan forstå dei som ikkje gjer det. Å bevege seg fritt mellom land og finne ein jobb relativt enkelt, og å ha felles valuta, er bra. Men mange meiner at EU tvingar regjeringa i Hellas til å implementere ting og vedta lover som ikkje passar oss som folk.

– Eg trur at heile denne krisa vi har får for mykje merksemd av media, og det gjer ho langt verre. I Hellas får vi høyre at «vi vil døy i morgon» gjennom ulike media kvar dag nett no, og det gjer folk redde, noko som ikkje hjelp. Folk blir redde for å konsumere og sidan dette fører til at produkt ikkje sel, noko som gjer ting berre verre og verre.

 

Namn: Sarandis Vrettakos
Alder:
 36
Bustad:
 Lamia, 214 km nord for Aten.

Korleis er livet for deg om dagen?
– Ille.

Har du jobb?
– Ja, privat tannlege.

Har du det bra på jobb, har det vorte verre med dei siste endringane i landet?
– Det er ille på jobb om dagen. Endringane i Hellas i det siste har gjort ein grei jobb veldig hard, ettersom veldig mange reduserer tannpleiekostnadar.

– Eg starta som tannlege for åtte år sidan, det gjekk oppover fram til 18-24 månader sidan…no blir det mindre og mindre pasientar for kvar månad som går. Det er nede i kan hende ti pasientar i månaden no, ned frå kan hende 25-30 for 18 månader sidan…og det er mest billege ting som trekking av tenner det går i, som eg tener lite på.

Kva framtidsdraumar har du?
– Eg vil berre at ting skal bli slik dei var…slik at eg tener litt pengar, ikkje taper kvar månad på å halde ope.

Kva trur du vil hende framover?
– Det vil nok bli verre dei næraste 2-3 åra, sidan regjeringa og EU sine representantar trur at den einaste vegen å stimulere økonomien på er ved å lage nye skattar og å kutte løner, først i offentleg sektor og deretter ved å kutte minsteløna for alle.

– Istaden for å følge dei kollektive avtalane med fagsameiningane gjev dei arbeidsgjevarane retten til å lage individuelle avtalar med kvar enkelt tilsett om rettar og løn.

Er politikk viktig for deg?
– Det er ikkje veldig viktig for meg. Eg har mine syn på ting, som alle andre, men eg er ikkje ein fan av den eine eller andre sida, og diskuterer det lite med andre.

– Eg har nok vorte langt betre informert, les nyheiter dagleg etc, i den seinare tida, ettersom situasjonen i landet endrar seg kjapt og ofte alvorleg.

Kva synest du om EU?
– Vel, vi treng EU, og eg har alltid vore tilhengar av det. Men i det siste har eg syrna noko. Dei seier det er verd harde offer å halde seg i EU og behalde euroen, om ikkje no så i eit lengre perspektiv. Toppolitikarane seier vi vil bli finansielt øydelagde om vi går ut av EU, men det er jo i ferd med å hende allereie. Om hjelpa EU og IMF gjev oss ikkje hjelp, kvifor skal vi vere ein del av dette?

 

Namn: Sofia Tsiola
Alder:
 32
Bustad
: Aten

Korleis er livet i Aten om dagen?
– Det er mykje ein kan seie for å beskrive dette, men det er klart annleis enn det var, samstundes er mykje likt. Å leve i Aten har alltid ført med seg at livet går kjapt. Det er ein typisk stor by med store avstandar og mange timar på jobb. Men eg bur i sentrum av byen og arbeider i sentrum av byen, så eg opplever kan hende meir enn mange..alle streikane og demonstrasjonstoga kjem tett på, det er meir enn ein dag eg har gått heim frå jobb ør og småsjuk av all tåregassen i lufta, sjølv dagar etter ein demonstrasjon. Det er òg annleis fordi folk smiler mindre og er generelt meir stressa enn før.

Har du jobb? 
– Eg jobbar i ei av dei største kjedene i Hellas innan underhaldning og kunnskapsteknologi, Publicworld, eller Public, som alle kallar dei. Eg sel mobiltelefonar i ein av største butikkane kjeda har, ved Syntagmaplassen rett ved parlamentet.

Har du det bra på jobb, har det vorte verre med dei siste endringane i landet ?
– Eg likar meg på jobb, dei siste endringane har ikkje endra mykje for meg slik sett. Eg likar dei eg jobbar saman med og arbeidshøva, men mange fryktar å stå utan jobb meir enn før, slik at dei godtek å få mindre pengar for meir arbeid, og det er vanskelegare å stige i gradane innan yrket enn tidlegare.

– Eg gjer no oppgåvene til nokon som vanlegvis ville ha tent langt meir enn meg, eg jobbar framleis 8 timar kvar dag men ansvaret mitt er sterkt utvida utan ein cent i ekstra løn.

Kva framtidsdraumar har du?
– At folket i Hellas sluttar å stemme på korrupte politikarar og startar å tenke på framtida si. Eg håpa det same før krisa starta, folk her har ein tendens til å gløyme kjapt. Det kan endeleg sjå ut som om dei yngste har starta å bli sinte over det som har vorte gjort, men eg fryktar at det er for seint no.  

– Eg håpar òg at dei startar å gje jobbar til dei som kan gjere jobben godt, og sluttar å tilsetje håplause folk i viktige posisjonar. Altfor mange godt utdanna menneske må jobbe meir og får mindre løn medan ein ser mange få godt betalte jobbar dei ikkje er kvalifisert for i det heile, kun av di dei kjenner dei rette folka. At ikkje dette er retta opp i er ein av dei aller viktigaste årsakene til at utviklinga i landet går treigt, og at korrupsjonen blir stor.

Er politikk viktig for deg?
– Medan politikk er viktig, fokuserer eg mest på å finne ut kva som hender og kva som kan gjerast for å betre situasjonen. Eg prøvar å ha politiske haldningar, halde meg informert med det det involverer… men eg kan ikkje lenger få meg til å streike og demonstrere i gatene. Då eg var på vidaregåande og på universitetet var eg meir aktiv, men eg trur ikkje lenger demonstrasjonar kan endre ting.

Kva synest du om EU?
– Eg har aldri likt EU, eller ønska å vere ein del av det. Eg trur vi middelhavsbuarar er veldig ulike andre europearar, og burde difor ikkje samarbeide så nære med dei. Ikkje stol på ein middelhavsbuar med pengar, det gjer aldri eg.

– Vi pla å ha «filotimo» i Hellas. Når eg jobbar 10 timar overtid utan pause og utan løn, er det kun på grunn av min filotimo. Om nokon treng meg, må eg hjelpe, noko som sikkert fører til at folk utnytter meg til tider, men det er lite å gjere med det.

Faktaboks

Hellas har no vore i resesjon i ni kvartal på rad, og BNP har sunke med 9% sidan krisa starta.

Mot slutten av 2011 var det 18.2% arbeidsløyse, og meir for unge, særleg kvinner (33.9%).

5. mars 2010 vedtok parlamentet Economy Protection Bill for å få kutte kostnadane nok til å å få nye lån frå EU/IMF, og 1. mai annonserte statsminister George Papandreou nok ein runde med kutt, denne gongen svært store. Desse gjeld mellom anna meir kutt i løn til offentleg tilsette, reduksjon av pensjonar, nye skattar på overskot til selskap, auke i diverse skattar samt ei auke av momsen. Målet var å kutte 30 milliardar euro frå budsjettet for 2012 slik at endå fleire nye lån kunne takast opp frå IMF og EU.

Kjelde: Wikipedia.