Kunstnarar, kaffi-importørar, ein bloggar og ein wikipedia-skribent har fått stipend før. Kven blir den neste?

mm

Noregs Mållag lyser no ut sine to årvisse stipend à 50.000 kroner. Stipenda skal gå til gode prosjekt som fremjar nynorsk på alle samfunnsområde.

Tidlegare har mellom anna bloggar Mariell Øyre og multikunstnar Andrea Paleologos fått nynorskstipend. Også omsetjarar av nynorsk Wikipedia, kaffi-importøren Cafe YaBasta og spelutviklaren Audun Blokkum fått glede av pengane tidlegare år. Stipendet er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet, medan styret i Noregs Mållag er stipendnemnd og avgjer kven som skal få stipendet.

Ein kan ikkje søke om pengar til utdanning eller reise, dette er eit arbeidsstipend. Frist for å søke nynorskstipendet er 15. februar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

Kommentarar

ANNONSE