Lite fast for nye sjukepleiarar
Berre ein av fem nyutdanna sjukepleiarar får fast fulltidsjobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er overraskande og skuffande at så mange nye sjukepleiarar får så små stillingsbrøkar, når styresmaktene og helseføretaka seier at det er ei høgt prioritert oppgåve å få ned deltidsbruken. Dette er ei enorm sløsing med menneskelege ressursar, seier studentrådgivar Morten Kristoffersen i Sykepleierforbundet til Klassekampen.
Kvart år går 4.000 ferske sjukepleiarar frå skolebenken til arbeidslivet, men etter det som går fram av den årlege avgangsundersøkinga til Norsk Sykepleierforbund, fekk berre 18 prosent av dei spurde tilbod om fast jobb. Rundt 23 prosent hadde fått vikariat i full stilling, 35 prosent vikariat på deltid og 14 prosent fast stilling på deltid.
Undersøkinga viser at det er viktigare for helseføretaka å kutte utgifter enn å auke grunnbemanninga og dermed få eit større innslag av fulltidsstillingar, meiner Kristoffersen.
Helseminister Anne-Grete Straum-Erichsen (Ap) kravde i fjor at dei regionale helseføretaka kuttar bruken av deltid med 20 prosent. Mens det ikkje har skjedd noka målbar endring i Helse sør-aust, er resten av helseføretaka komne langt. (©NPK)