Lyst til å bu på bygda?
Regjeringa har sett av 32 millionar kroner til det såkalla bulystprosjektet i 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me ser at det er stor interesse for lokalt utviklingsarbeid. Dette er eit arbeid som det er svært viktig å støtte opp om, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Erfaringar frå den tidlegare småsamfunnssatsinga og bulyst syner at slike nasjonale satsingar verkar. Bulystmidla engasjerer og motiverer til å drive lokalt utviklingsarbeid og er eit viktig supplement til andre tiltak i distrikts- og regionalpolitikken.
79 prosjekt i gang
– Det skjer svært mykje positivt i norske bygder. 79 spanande bulyst-prosjekt er alt sett i gang. Eg gler meg til å sjå kva nye søknader som kjem i samband med utlysinga no i år, seier statsråden.
Ved å gå inn på www.distriktssenteret.no sine sider kan ein få eit godt innblikk i prosjekta som har fått midlar tidlegare. Eit viktig delmål i satsinga er å samle og formidle kunnskap om kva som bidreg til attraktive lokalsamfunn.
– I utlysinga for 2012 fokuserer vi sterkt på prosjekt som legg til rette for integrering av innvandrarar til distriktsområde, i tillegg til ungdoms- og tilflyttingsprosjekt. Vi treng fleire hender og flinke folk i åra framover, og for mange bygdesamfunn vil nye tilflyttarar vere ein positiv tilvekst, avsluttar statsråd Navarsete i ei pressemelding.