HF-studentar får ikkje praksis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– I utgangspunktet er praktisk informasjonsarbeid det einaste emnet som tilbyr praksis, nettopp fordi det er meir praktisk retta enn dei fleste andre faga på HF, seier Jan Oldervoll, visedekan for utdanning ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Bergen (UiB).

Han påpeiker at det er ønskeleg med fleire praksisfag.

– Eg meiner me burde ha fleire slike ordningar, blant anna fordi det skapar ei breiare utdanning for studentene, seier Oldervoll.

– Ond sirkel
Runa Nordahl, som går på bachelor i litteraturvitskap og var praktikant hos TV2, valde praksisfaget for å skaffe seg den kompetansen ho treng.

– Eg tok praktisk informasjonsarbeid for å komme ut av ein ond sirkel kalla «kun teori og ingen jobberfaring». Eg tok dette slik at eg kunne få ein kompetanse som kunne brukast til noko nyttig seinare. På HF får ein mykje teori og det kan vere vanskeleg å sjå den konkrete relevansen for dette, seier ho.

Nordahl meiner praksis er viktig for å få brukt teorien ein lærer på HF i arbeidslivet.

– Dette er fordi HF-studentane slit med å få jobb. Arbeidsgivarane synest det er vanskeleg å sjå kva for ein kompetanse ein har når ein kun har teori i ryggen, meiner ho.

LES MEIR OM YRKES- OG UTDANNINGSVAL HER!

Oldervoll trur praktisk informasjonarbeid kan vere med på å opne opp arbeidsmarknaden for humanistane.

– Det er også viktig for arbeidsplassane å lære meir om den kompetansen universitetet sit på, og det kan vere med på å vise at de faktisk har behov for humanister på arbeidsplassene, fortel visedekanen.

Gull verdt
Kommunikasjonssjef i TV2, Aleksander Valestrand, meinar all arbeidserfaring er viktig.

– No kan eg ikkje snakke for alle institusjonar, men ein ser jo at arbeidserfaring er viktig for å få jobbsnøballen til å rulle. Å kunne vise til arbeidserfaring på CV-en er ekstremt viktig, seier Valestrand.

Han får støtte frå Ole Friele jr., informasjonssjef på Den Nationale Scene.

– Det er veldig viktig med slik erfaring og det er heilt klart ein stor fordel. Teateret er spesielt, og kjennskap til teateret er viktig, fortel Friele jr.

Begge er enige om at ein fot innanfor kan gi gode moglegheitar.

– Mange titalls som jobbar her starta som praktikantar først. Når me sit med søknadsbunken er det ikkje noko hemlegheit at me fokuserar på praksis og arbeidserfaring. Praksis er det største fortrinnet til jobb, seier Valestrand.

Økonomisk hinder
Oldervoll seier at det er økonomien som gjer det vanskeleg å innføre praksisordningar i fleire fag.

– Det blir fort veldig kostbart. Spesielt administrativt fordi det koster mykje med den tette oppfølgjinga som trengs med alle arbeidsplassane. I tillegg er det vanskeleg med karaktersetjing, me har ikkje tradisjon for karaktersetjing som UiB ikkje har kontroll med. Det kan det jo sjølvsagt gjerast noko med, men det er utfordrande, seier visedekanen på HF.

Nordahl ser med lettare sinn på arbeidssøknadsprosessen på grunn av erfaringane ho har fått.

– Du skapar deg eit nettverk, får fleire bein å stå på og dette er viktig for å skaffe seg jobb seinare. Eg gledar meg meir til å søke jobb no enn det eg gjorde før eg tok dette faget, seier studenten.

LES SAKA I STUDVEST!