Faktaboks
Ungdommens klimaforlik foreslår blant anna:
– Den første strekninga med høgfartsbane skal vere klar til utbygging innan 2014
– Påbod om at alle nye felt på norsk sokkel skal elektrifiserast
– Følgja den opphavlege planen for reinsing av gasskraftverket på Mongstad
– Fase ut oljefyring i alle offentlege bygg innan 2015
– Reinsa gasskraftverket på Kårstø snarast mogleg, med mål om å samstundes elektrifisera gassterminalen på Kårstø
– Det må innførast fordelsbeskatning på arbeidsgjevarbetalt parkeringsplass
– Fordelsbeskatninga på arbeidsgjevarbetalt månadskort må fjernast
Lenkje til heile Ungdommens klimaforlik på Unge Venstre sine sider
Dei vil elektrifisere sokkelen, byrja på høgfartsbaner innan tre år og ha ei høgare CO2-avgift. Unge Høgre, Unge Venstre, AUF, Senterungdommen, Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Kristeleg Folkepartis ungdom har blitt samde om ei rekkje tiltak som dei håpar vil bli tatt med i klimameldinga til regjeringa som kjem til våren.
– Me vil at regjeringa tek med desse innspela i det vidare arbeidet med klimameldinga. Her er vi samde om at ambisjonane i Noreg må opp, og så håpar me å finna att desse forslaga i klimameldinga til regjeringa, sa nyvald leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg, då ho overleverte ungdommens klimaforlik til miljøvernminister Erik Solheim (SV) i dag, ifølgje NTB.
Etter fleire utsettingar på grunn av usemje i regjeringa skal Solheim i vår leggje fram klimameldinga som skal stake ut den framtidige kursen for klimapolitikken i Noreg. Etter behandlinga av meldinga meiner ungdomspartia at også moderpartia må bli samde om eit nytt klimaforlik.
– Global oppvarming er for viktig til å bli utsett for politisk taktikkeri. Kan ungdomspartia bli samde, må òg moderpartia våre klara det. Me har ikkje råd til å venta lenger, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.
QUIZ: Klarar du den store klimaquizen vår?
– Ikkje råd til å venta lenger
– Ungdommens klimaforlik set ambisiøse mål om at Norge skal redusera utsleppa med 40 prosent innan 2020. Elektrifisering av nye oljefelt og gamle felt som har lang levetid, økt CO2-avgift på sokkelen og eit industrifond for å sikra omstilling og ny grøn industrireising er konkrete og tydelege tiltak som også moderpartiene bør gjera til sin politikk, seier leiar i Sosialistisk Ungdom, Olav Magnus Linge.
Spire, Changemaker, Norsk Medisinstudenters forenings klimautvalg og Natur og Ungdom støttar også ungdommens klimaforlik, i tillegg til ungdomspartia frå Raud Ungdom til Unge Høgre.
LES OGSÅ: – Livsfarleg kvileskjer for klimaet