Brør kom gjennom nålauget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To av dei er brørne Dag Einar og Sigbjørn Bøtun frå Fresvik. Begge er 1992-modellar, men fødde i kvar sin ende av året. Eldstemann Dag Einar rundar 20 år i dag 6.januar.

Heime på juleferie og oppfeiting hjå mamma Øydis og pappa Olav, kan dei to nittenåringane fortelja om eit spesielt halvår.

Merksemd
– Me har fått ein del merksemd ja. Det er vel ikkje heilt kvardagskost at to brør fødde i same året er i same jegertropp, fortel dei to. Enda meir spesielt vert det at dei også har ein eldre bror i same leiren.

At vegen fram har vore tøff, legg dei ikkje skjul på, noko dei også var budde på.

– Det aller verste var nok då me måtte eta rå sild, med innmat og hovud. Då møtte eg veggen, ler Dag Einar.

Jamgamle
Fødde i kvar sin ende av året har dei to brørne allereie påkalla mykje merksemd gjennom oppveksten. Sogn Avis har følgt dei heilt sidan Dag Einar fekk bror av same årsmodell til 1-års dagen. Han er fødd 6. januar 1992, og heilt på tampen av same året såg Sigbjørn dagens lys 30. desember. Skulestart, konfirmasjon og russetid har vore omtala i Sogn Avis.

Gjennom heile oppveksten og inn i ungdomstida har dei to vore harde konkurrentar. Dette var heller ikkje noko unntak då begge søkte opptak til fallskjermjegertroppen.

– Ingen ville ryka ut før den andre, det var nok den aller største motivasjonen.

Tøffe krav
Dei to møtte til opptaksprøver i Rena leir i slutten av juli. Då var allereie tusen søkjarar redusert til 500 gjennom den første sesjonen og intervjurunden.

– Det kan nesten virke som lagnaden har bestemt at me skal henge saman. I leiren skulle det innlosjerast 500 soldatar og me kom på same rom og i same køysenga. Eg sov nede og Sigbjørn oppe, ler Dag Einar.

Soving skulle derimot bli ein luksus gjennom dei neste fire vekene. Først gjennom grovuttaket over to dagar der dei vart testa i fysiske minstekrav. Då ramla det vekk 150 til. Dermed stod det att 350 som tok til på ei tre veker lang rekruttskule, med mange fysisk og psykiske prøvingar.

– Alle fekk kvar sitt nummer og så lenge du ikkje leverte det inn sjølv, var du med. Mange vart så slitne at dei gav opp. På slutten var det att 150 som skulle springa fem kilometer med full oppakning. Dei 100 første i mål, var vidare.

– Me var aldri inne på tanken å levera frå oss nummeret, seier dei.

Både Dag Einar og Sigbjørn var også mellom dei hundre første i mål og var dermed kvalifiserte for Opptaksveka. Ei veke som soldatane sjølve definerer som helvetesveke og som vart enda verre enn namnet tilseier.

– Det var sju dagar nesten utan søvn og mat, og me var stort sett våte og kalde heile veka. Me gjekk til gjørme under haka, og vart stadig sett på nye prøvingar.

Rå sild
Den dagen dei hugsar best var då dei etter fire fem dagar utan mat fekk beskjed om at no skulle dei få gå til duk og dekka bord. Først vart dei spylt reine før dei kom inn til bord pynta med kvite dukar og delikate fat med lok på.

– Det var ikkje like delikat det som låg under. Ein rå løk, ei potet og ei rå sild med innmat og hovud. Dette skulle etast opp om me skulle kome vidare. Sigbjørn åt og spydde, for meg var det bom stopp då eg kom til hovudet. Det klarte eg berre ikkje, men heldigvis fekk det ikkje konsekvensar, grøssar Dag Einar.

På dag sju var det ny lang marsj som skulle springast. Då dei kom inn i leiren var dei møtte med applaus.

LES OGSÅ: Opnar for pliktår for alle

– Ei ubeskriveleg og nesten rørande kjensle av å vita at no var det over. Då var me 34 igjen, men så kom meldinga om at alle ville likevel ikkje kome gjennom. Innsatsen til kvar enkelt gjennom veka skulle evaluerast av befala. Dermed rauk det ut fem til, dei var det verkeleg synd på.

Tøffe kurs
Etter ein varm dusj, eit skikkeleg måltid mat og kort frihelg var det berre å møta frisk, rein og utkvilt i Rena leir måndag for dei to ferske soldatane. No er dei snart halvveges, men er framleis ikkje garantert at dei får fullføre.

– Utdanning er bygd opp med ulike kurs som alle vert avslutta med eksamen. Klare du ikkje den, så er det ut. I tillegg må ein halde seg skadefri og vert du sjuk over lenger tid er det også slutt om du ikkje får fullført kurset. Troppen som starta er no redusert frå 29 til 27.

Mykje frysing
Dag Einar og Sigbjørn har fullført sambandskurs, fall­skjerm­hopping, overlevelse­kurs, skytekurs, patruljekurs og sanitetskurs. No ventar det fem veker med vinterkurs, noko som betyr mykje frysing.

– Me veit me skal gjennom isen med ski og ryggsekk og berga oss opp att sjølve. Då kjem det nok vel med all isbadinga med mamma Øydis.

LES SAKA I SOGN AVIS!