Butikkane satsar på gardsmat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har tru på at marknaden for gardsmat vil vekse. Vi har bygd ein eigen avdeling og driv aktiv marknadsføring, fortel daglegvaresjef Steinar Gjerstad i Coop OBS på Lagunen, kjøpesenteret mellom Bergen sentrum og Flesland.

Firedobla                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           Han fortel at omsetnaden av gardsmat har firedobla seg på fire år.

– Framleis er det ein liten del av omsetnaden vår, men det er ei varegruppe vi ønskjer å satse på og som vi har moglegheit til å profilere oss enda sterkare på i framtida. For Coop Hordaland er dette viktige produkt, seier Gjerstad.

I kjøttavdelinga har lokalmat fått ein stor og synleg plass. Til saman tilbyr butikken rundt 200 forskjellige lokale produkt.

– Skal vi lukkast med dette, må vi gje frå oss plass slik at det synest og kundane legg merke til det. Dersom vi spreier lokalmaten utover i butikken, forsvinn han mellom alle dei andre varene, seier daglegvaresjefen.

Lokalt                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                          Coop samarbeider med Spesialgrossisten, som er bindeleddet mellom lokale produsentar og daglegvarekjedene.

Grossisten, som har 17 avdelingar rundt om i landet, har også merka aukande interesse for lokalmat.

– For ti år sidan var kjennskapen til og interessa for lokalmat liten, men seinare har ho auka. No kan vi nesten ikkje skaffe nok av enkelte varer som kjøtt og ost, fortel dagleg leiar i Spesialgrossisten Troye, Ossie Nordgreen.

– Mange er opptekne av miljø, at det skal vere kortreist mat. Andre er mest opptekne av at maten skal halde høg kvalitet. Folk blir stadig meir bevisst på dette, seier Nordgreen.

Fleire butikkar                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 Under slagordet «Godt lokalt» fraktar bilane hans ut varer til butikkane i Hordaland. Han er samd i at ein eigen avdeling gir lokalmat eit kraftig løft.

– Coop OBS er den største daglegvarebutikken i Hordaland. Når dei går ut og satsar på dette, betyr det mykje. Andre kjem etter, seier Nordgreen.

Daglegvaresjef Gjerstad har ikkje noko imot at andre kjeder følgjer etter og fremmar lokalmaten.

– Ingenting er betre enn at mange gjer det same. Då byggjer vi opp kjennskapen til lokalmat, og det kjem oss alle til gode, seier han.

Suksess med gardsmat                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                      Mange av produkta i lokalmat-hyllene hjå Coop og andre butikkar i Hordaland kjem frå Bønes Gardsmat. Garden der kjøttvarene blir produsert, ligg midt i eit tettbygd bustadområde i Bergen. Kommunen har eke det meste av jorda til bustader og vegar, men eigaren Rune Bønes har likevel klart å byggje opp ei bra lokalmat-bedrift.

– Vi starta i 2003, og det har gått utruleg bra. Vi har hatt ein årleg auke i omsetnaden på 20 prosent, og i år sel vi for 12 millionar kroner, fortel Bønes.

Han sel pølse, sylte, pålegg og ikkje minst pinnekjøtt gjennom Spesialgrossisten og i ein liten gardsbutikk. Til saman har han 35 – 40 ulike eigne produkt i hyllene.

Kvalitet                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                       Rune Bønes hadde arbeidd som pølsemakar i mange år då han overtok garden. Han er oppteken av at produsentar av gardsmat må halde høg kvalitet på produkta.

– Dersom vi går på akkord med kvaliteten, er vi ferdige. Difor er vi heilt avhengige av flinke folk i produksjonen, seier han.

Gardsmatproduksjonen sysselset seks – sju årsverk, dei aller fleste er i familien. No planlegg han ein ny bygning for produksjon på garden.

– Eg trur det framleis er rom for vekst, men det kan gjerne gå litt rolegare enn dei siste åra, seier han.

Noregsmeister i god mat                                                                                                                                                                                                                                                                                                                               Gardsmat er ikkje tilbodsvarer, men Bønes peikar på at kvaliteten gjerne gjer at gardsmat ikkje blir så mykje dyrare enn dei rimelegare konkurrentane:

– Vi brukar for eksempel meir kjøtt i pølsene våre. Då blir du kanskje like mett av to pølser som du blir av fleire med mindre kjøttinnhald, seier han.

Bønes fortel at han får idear til produktutvikling mellom anna ved å ta del på matfestivalar og snakke med folk.

– Det er viktig å lage det folk likar, seier han.

At han har klart det, beviser blant anna tre gull frå NM i julemat i haust.

Både pinnekjøtt, lutefiskbacon og pølse, Bøneskorv, gjekk til topps i konkurransen. Også tidlegare har Bønes henta medaljar for maten sin.

I god tid før jul vart han utselt for pinnekjøtt. Folk kom langvegsfrå for å handle på garden, kan han fortelje. (©NPK)