Talet på medlemmer aukar hos fleire avhaldsorganisasjonar her i landet. Ikkje minst er det fleire unge som melder seg inn.

NPK
NPK

– Vi ser ein trend der unge utviklar eit meir bevisst forhold til alkoholbruk, seier leiaren av Hamar Avhaldslag til Vårt Land.

Dei fem siste åra har lokallaget til Det Norske Totalavholdsselskap (DNT) på Hamar auka frå 18 til 88 personar. Minst ein tredel av medlemmene er i aldersgruppa 25 til 40 år, fortel lokallagsleiar Magne Rydland.

Trenden er den same også elles i Det Norske Totalavholdsselskap og i IOGT.

– For nokre år sidan var gjennomsnittsalderen over 70 år. No nærmar han seg 50-talet. Vi har fleire medlemmer i 30- og 40-åra. Det er ei veldig spennande utvikling, seier generalsekretær Harald Dyrkorn i DNT.

LES OGSÅ: Edru ungdomstid

Til saman har DNT no rundt 2.100 medlemmer, medan IOGT har i underkant av 4.000 medlemmer.

– 50 prosent av medlemmene har vi fått dei siste fem åra, seier generalsekretær Hanne Cecilie Widnes i IOGT.

Også i IOGT er trenden at det kjem stadig fleire yngre medlemmer til.

– Mange ser kor skadeleg alkohol kan vera. Vi appellerer til stadig fleire som føler eit auka behov for den type arbeid vi gjer, seier ho.

Ho meiner det å vera fråhalden i Noreg har vore vanskelegare enn i mange andre land, men trur dette no kan vera i ferd med å endra seg. (©NPK)

KOMMENTAR: Å, jul med di glede?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE