Slik vil han gje unge meir makt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nytt demokratifag i skulen, innskjerpa rett til foreldra til å publisera informasjon om eigne born og styrke dokumentasjon av synspunkta til born i barnevernssaker er blant forslaga.

– Ikkje berre eliteprosjekt
– Det er viktig at demokratiet ikkje blir eit ekskluderande eliteprosjekt, men at alle har så lik høve til å delta som mogleg. I dette arbeidet må skulen stå sentralt. Skulen bør i endå større grad enn i dag tilretteleggja for at unge kan røyne i praksis kva det vil seie å delta i demokratiske prosessar. Deltakingsordningane for ungdom må bidra til å utjamna skilnader, ikkje forsterke dei, sa utvalsleiar Trond-Viggo Torgersen.

Utvalet er delt i spørsmålet om stemmerett for 16-åringar. Seks av 13 medlemmer er mot dette i alle val, medan fem vil opna for dette i alle val og to medlemmer vil la 16-åringar stemma i lokalval.

Utvalet foreslår blant anna at:
• det blir innført eit nytt, breitt demokratifag i grunnskulen
• skuleval blir obligatorisk i vidaregåande skule og at det tilrettelagt for skuleval i ungdomsskulen
• fråverskvoten blir auka for elevar i vidaregåande skule og at skulen opnar seg for organisasjonar og politiske parti
• det blir innført nasjonale retningslinjer for ungdomsråd og ein tilskotsordning for kommunar som følgjer retningslinjene
• styresmaktene på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå tek i bruk modellen med ekspertgruppermøter med ungdom med særskilde røynsler
• styresmaktene tilrettelegg for lokale samarbeidsråd for barne- og ungdomsorganisasjonene og at det opprettast eit statleg tilskott for oppfølging av grupper med låg grad av deltaking i organisasjonane
• slettmeg.no blir vidareført i den noverande forma si og blir vurdert styrkt på sikt
• det gjerast ein juridisk utgreiing av høvet for å regulera tredjepartsapplikasjonar si innhenting og nytte av personopplysningar
• personopplysingslova innskjerpar retten til foreldre til å publisera informasjon om eigne born og at lovverket blir gjort kjent for foreldre
• born og synspunkta til unge skal dokumenterast i barnevernssaker og at det lovpålagde tilsynet med barneverninstitusjonar aukar
• det ryddast opp i lovverket når det gjeld plassering av born utanfor heimen og at reglane om inngrep i sjølvbestemming under institusjonsopphold blir tatt inn i lov
• barnevernet får ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkjarar

Framtida.no kjem tilbake med meir!