Folk likar innvandrarar betre etter 22. juli

Folk vart meir positive til innvandrarar i etterkant av terroren 22. juli enn dei var i vekene før terrorhandlingane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innvandrarar er meir populære

Statistisk sentralbyrå gjennomførte den årlege undersøkinga av dei haldningane folk har til innvandrarar og innvandring i tida 4. juli til 13. august i år.

Delen som sa seg samd i at mesteparten av innvandrarane gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv var 73 prosent før 22. juli. Etter terrorhandlingane var 85 prosent samde i utsegna. Likeins var 72 prosent før terrorangrepa samde i at innvandrarane gjorde det kulturelle livet i Noreg rikare, mot 82 prosent etter.

Endringane var størst i spørsmålet om innvandrarane er ei kjelde til utryggleik. 48 prosent sa seg usamde i dette før terrorhandlingane, medan det var så mange som 70 prosent etterpå.

Sjølv om 47 prosent var usamde i at innvandrarane misbrukar velferdsordningane før 22. juli, og 56 prosent etter, er det samstundes likevel fleire som er samde i utsegna. 35 prosent er samde i år, mot 31 prosent i fjor. (©NPK)

QUIZ: Prøv innvandringsquizen vår her!

Faktaboks

Innvandrarar i Noreg

Det bur innvandrarar i alle kommunane i Noreg. I fjorten kommunar utgjer innvandrarar meir enn 10 prosent av innbyggjartalet. I Oslo er 27 % av innbyggjarane innvandrarar, 160.500 personar. Dei neste kommunane er Drammen og Lørenskog. Ein av tre innvandrarar bur i Oslo.

Nord-Norge har 9,5% totalt, men berre 5,1% ikke-vestlege. Innvandrarar frå Norden og Russland er overrepresentert i Nord-Norge. Innvandrarar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Afrika, Aust-Europa og Latin-Amerika er overrepresentert på Vestlandet, og dei fleste av disse bur i dei største byane Bergen og Stavanger. Kjelde: Wikipedia