Manglar elevombod

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksamen, lærarar og undervisningsformar. Om ikkje elev- og lærlingombodet kan fikse alt, så vil dei støtte alle elevar og lærlingar.

– Det skal ikkje vera nokon terskel for å ta kontakt med elev- og lærlingombodet, seier Kjerstin Lundgård som er ombod i Oppland.

Elevinspektørar
– Vi har vald å ikkje ha elev- og lærlingombod, men heller ha ei løysing med elevinspektørar som fylgjer opp elevane på alle dei vidaregåande skulane. Å ha eit elev- og lærlingombod i tilegg hadde vorte ein dobbeltfunksjon. Det fortel leiar i opplærings- og helseutvalet, Roald Stenseide.

Han innrømmer at det var politisk usemde sist saka var oppe i fylkestinget, men meiner at løysinga dei har i Hordaland fungerar greitt.

– Lærlingane er uansett i ein annan situasjon, dei er ein del av arbeidslivet og bør fylgje avgjerdene der. Med å lyfte ombodsfunksjonen åt elevane opp til ein person, trur eg vi hadde fått eit dårlegare tilbod, avsluttar Roald.

Vil ha ombod
Ungdommens Fylkesting i Hordaland, har etablering av elev- og lærlingombod som del av handlingsplanen sin.

– Vi ynskjer eit elev- og lærlingombod, så sant det ikkje går ut over stillingsprosentane til elevinspektørane, seier nestleiar i Ungdommens Fylkesting, Maria Vatnøy.

Fråvær og arbeidstilhøve
Elev- og lærlingombod har i Oppland, som i mange andre fylke, kome i stand på ungdommanes eige initiativ.

– Då Oppland fekk elev- og lærlingombod fast i 2006, hadde Ungdommens fylkesting arbeida lenge for saka, forklarer Kjerstin Lundgård.

Ho får kanskje 1 til 2 førespurnadar i veka frå opplandsungdommar, som vil ha alt frå enkle råd til hjelp med større sakar.

– Lærlingane vil ofte ha hjelp med slik som lønn, arbeidstilhøve og eventuelt bytte av arbeidsplass. Elevane tek ofte kontakt om karakterar, lærarar og fråvær, fortel Kjerstin.

Meir kontakt
– Kanskje er folk redde for å ta kontakt med eit ombod, og dei trur dei må ha ein stor sak. Og så kan det vera at vi ikkje er synlege nok. Men det viktige er at det ikkje skal vera nokon terskel for å ta kontakt med elev- og lærlingombodet, seier Kjerstin.

– Om det er større sakar, eller berre råd om korleis ein skal gå vidare med ting. Vi har teieplikt, og går ikkje vidare med ting utan at det er i samråd med den det gjeld, avsluttar ho.

Har du tips til oss? Ta kontakt på epost, eller ring 94 87 53 65!