Laurits er historisk i Skjåk, men let ikkje kommunestyrevervet gå ut over gardsarbeidet.

Laurits Ørjasæter rykka frå 15. til 10. plass på Senterpartilista i Skjåk, og kapra den siste plassen i kommunestyret ved valet i haust.

Men endå viktigare for Laurits, enn arbeid i Kultur- og oppvekstutvalet, skulekvardagar i Lom og livet i Senterungdommen, er det å køyre traktor.

Oppringt
Laurits vart oppringt med spørsmål om å stå på kommunestyrelista, og meldte seg inn i Senterpartiet etter det.

– Eg vart veldig overraska, og hadde på ingen måte trudd at eg kom til å komma inn i kommunestyret, seier Laurits. Han har vorte historisk i Skjåk, som den yngste kommunestyrerepresentanten nokon gong.

Sjølv om den neste ungdomsrepresentanten er i midten av 20-åra, er ikkje Laurits redd for å ikkje verte take på alvor.

– Det er jo folket som valde meg inn. Ser nokon på meg som for ung, då skal eg jaggu hevde meg over det, seier kommunestyrerepresentanten frå Bråta.

Fridom i lia
Laurits kjem frå Bråta, som er to mil frå Bismo, som er sentrum i Skjåk.

– Det er skrekkelig fint altså, ein kan gjere kva som helst, seier Laurits. Det er her Laurits bruker mange av timane på traktor.

– Det å sitje i ein traktor, det kan mest ikkje skildrast. Det er ein del av meg.

Sjølv med økter på  19 – 20 timar i slåtten og det å gå glipp av countryfestivalen, tykkjer Laurits alltid at det er artig å køyre traktor.

– Eg byrja køyre traktor som 12- 13 åring, og det har alltid gått bra. Garden vår er ein av dei brattaste i bygda, men eg har aldri vore redd eller nær ved å  velte, sjølv ikkje med rundballing i blautt og dårleg ver.

Ny landbrukspolitikk
Som mange andre ungdommar som har vekse opp på ein gard, er Laurits usikker på framtida.

– Eg vil berre ta over dersom det skjer noko med landbrukspolitikken, slik at eg kan klare meg på inntekta frå garden og ikkje jobbe mykje utanom.

Så oppmodinga til politikarane er klår:

– Stortingspolitikarane må innsjå kor verdifullt det norske landbruket er.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE