Arbeidarpartiet er positiv til at russen får ta skriftleg eksamen før 17. mai. Kunnskapsdepartementet har sendt saka på høyring.

NPK-NTB
NPK-NTB

Frå og med 2013 kan russen truleg pugge først og feste etterpå, skriv Aftenposten.

Kunnskapsdepartementet foreslår no å endre opplæringslova slik at skuleåret for elevar i 3. klasse på studieførebuande program blir delt i ein periode med ordinær opplæring og ein eksamensperiode.

– Arbeidarpartiet har ikkje konkludert i spørsmålet, men vi er i utgangspunktet positiv til flytting av skriftleg eksamen til før 17. mai. Ein føresetnad er derimot at ein kjem fram til ei løysing der alle elevar i 3. klasse vert sikra det talet på undervisningstimar dei har lovmessig krav på, seier

Marianne Aasen (Ap), leiar i Stortingets undervisningskomité, til avisa.

Dersom Ap seier ja til eksamen før 17. mai, bli det truleg fleirtal for forslaget i Stortinget. Endringa vil i så fall tre i kraft frå 1. august 2012, og vil dermed ikkje omfatte russen neste år.

Det er 32 år sidan Arbeidarpartiet vedtok å leggje eksamen til etter 17. mai. Målet med vedtaket i 1979 var å dempe russefeiringa. (©NPK)

Kva meiner du om å flytte eksamen til før 17. mai?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE