Éin av tre unge meir opptekne av politikk etter 22. juli.

NPK-NTB
NPK-NTB

Meir enn éin av tre ungdommar seier dei er meir politisk engasjerte etter 22. juli. Interessa for politikk aukar også i resten av befolkninga, viser ferske tal frå forskingsstiftinga Fafo.

39 prosent av ungdom mellom 15 og 24 seier dei er blitt meir politisk engasjerte etter 22. juli. Blant dei mellom 24 og 60 gjeld det éin av fire, viser ei undersøking gjennomført av Synovate.

– At éin av tre ungdommar seier at 22. juli har vore ein vekkjar, er ganske mykje. Det som er overraskande, er at det heilt klart har hatt ein triggareffekt på politisk engasjement, men ikkje på valdeltakinga, seier forskingsleiar Sissel Trygstad til Dagsavisen.

To av tre av alle dei spurde som er blitt meir politisk engasjerte, seier at dei følgjer meir med på nyheiter og diskuterer meir politikk med venner og kollegaer. I tillegg viser undersøkinga at 11 prosent av ungdommen er blitt aktive i andre typar politiske organisasjonar.

– Funna i undersøkinga er gledelege, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

Alle dei norske ungdomspartia har opplevd ein auke i talet på medlemmer etter 22. juli. AUF, som blei direkte ramma på Utøya, har fått 4.000 nye og opplever rekordoppmøte på samlingar. (NPK)

GÅ TIL SAMLESIDA VÅR FOR TERRORÅTAKET 22/7!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE