Ingen låneauke i sikte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny, omfattande levekårsundersøking blant studentar vart offentleggjort fredag 11. november. Som venta viser den at dei fleste studentar har arbeid ved sida av studiane, omlag like mange som i 2005 då ei liknande undersøking vart gjennomført.

Ein ser likevel ein auke i kor mange som seier dei jobbar fordi Lånekassen ikkje strekk til, og fire av ti studentar i 2010 oppgir også at dei får økonomisk hjelp frå familien til å dekka utgifter.

– Det er påfallande at 40 prosent av norske studentar er avhengige av foreldra for å klara seg økonomisk, seier Kim O. Kantardjiev, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO).

I regjeringa tolkar dei ikkje resultata så negativt. Kyrre Lekve, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD), meiner dei var som forventa.

– I hovudsak ser me på situasjonen som tilfredsstillande. Utviklinga sidan 2005 har stort sett vore anten nøytral eller positiv, seier han.

Tryggleik i foreldra
Lekve trekk fram at undersøkinga viser at færre studentar enn tidlegare er økonomisk sårbare, som det mest positive. Heile 70 prosent meiner dei kan takla ei uforutsett utgift på 5000 kroner. Dette er ei forbetring sidan 2005, og Lekve meiner at årsaka kan vera at me har fått eit rikare samfunn.

Det er Statistisk sentralbyrå som har gjennomført undersøkinga. Rågjevar Lotte Rustad Thorsen peikar på ei anna forklaring enn Lekve.

– Når me ser at fleire får pengar heimefrå, kan dette vera ein av grunnane til at studentar er mindre økonomisk sårbare, seier ho.

– Veit det er trong for
Kvar gong elleve månaders studiestøtte har komme opp dei siste to åra, har KD vist til at dei ventar på levekårsundersøkinga. Etter to år med venting, har Kantardjiev no mista tålmodet. Han meiner det er heilt unødvendig å venta på ytterlegare utgreiingar for å avgjera om studiestøtta bør aukast.

– No byrjar det å nærma seg slutten på mogelegheitane denne regjeringa har. Dei har berre eitt ordinært statsbudsjett igjen, og det bør dei ta på alvor, seier han.

Lekve kan likevel lova lite for framtidige budsjett. Han påpeikar samstundes at auka studestøtte ikkje er nedfelt i Soria Moria 2-erklæringa.

– Me veit nok om studentøkonomi til å vita at nokre områder bør betrast, det ser me frå både denne og andre undersøkingar. Men me ser òg at mengden studentar jobbar ikkje har auka, og at den ikkje er skadeleg, seier han.

Det er førebels berre ein del av levekårsundersøkinga som er klar. Del to blir offentleggjort om eitt år, og vil innehalda grundigare opplysningar om studentøkonomi. Her vil det mellom anna bli henta registeropplysningar om løn og lån.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

STUDENTØKONOMI

– Fire av ti får hjelp frå familien til å dekka løpande utgifter, i gjennomsnitt 14 400 kroner i året.
– 25 prosent får regelmessig økonomisk støtte frå familien, i snitt 20 000 kroner i året.
– Studielånet søkk i realverdi frå 2005 til 2010.
– 60 prosent, omlag like mange som i 2005, har deltidsjobb, og dei tener omlag like mykje som for fem år sidan.
– 65 prosent av dei arbeidande studentane gjer det fordi støtta frå Lånekassen ikkje strekker til.
– Det tilsvarande talet frå 2005 er 51 prosent.
– Levekårsundersøkinga er gjennomført av SSB på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
– Del to av undersøkinga skal vera klar hausten 2012, med meir info om studentøkonomi, mellom anna basert på inntektsregister.

Kjelde: «Levekårsundersøkelsen blant studenter 2010», SSB