– Vil bryte med Klimaforliket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Klimaforliket frå 2008 skal to tredeler av kutta på utslepp skje nasjonalt. Det inneber eit kutt på minst 15 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020.

Ifølgje VG ønskjer Finansdepartementet at alle klimakutt skal skje i utlandet, gjennom kjøp av klimakvotar. Ifølgje kjeldene til avisa legg departementet ein manglande bindande internasjonal klimaavtale til grunn, at Klimaforliket blir dyrare enn ein rekna med og at utviklinga av ny miljøteknologi har gått treigare enn venta.

Venstres Trine Skei Grande kallar eit slikt forslag umoralsk og gammaldags.

– Korleis skal vi klare å overtyde kinesarar og indarar til å ta klimakutt på alvor når vi ikkje er villige til å gjere det same, seier ho. (©NPK)