Oppdrag: mislukka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter ti år med norsk krigføring i Afghanistan er nesten all forsking på konflikten oppdragsforsking for norske styresmakter. Afghanistan-forskar Ståle Ulriksen meiner det bidreg til ein norsk debatt om Afghanistan som er opphengt i norske tilhøve.

– Den norske debatten handlar om ting som er viktige i Oslo, ikkje ting som er viktige i Afghanistan. Dei fleste som er i Kabul er for oppteke av Noreg. Det gjeld sivile og militære, journalistar og forskarar, seier Ulriksen.

Ulriksen leiar Afghanistan-prosjektet ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI). Prosjektet er støtta av Forsvarsdepartementet, Utanriksdepartementet Politidirektoratet og Noregs forskingsråd. Han meiner at han og andre oppdragsforskarar står fritt til å uttale seg kritisk i media, men kunne likevel godt ha tenkt seg friare tøymar.

– Vi burde nok hatt mykje meir fristilt forsking. Vi på NUPI fekk pengar til Afghanistan-prosjektet, men etter eit halvt år ville vi endre problemstillingane. Det kunne vi ikkje, seier han.

– Burde universitetsmiljøa engasjert seg meir i Afghanistan-forskinga?

– Ja, heilt klårt. Vi ville fått fleire uavhengige stemmar, og kanskje meir debatt på afghanske premiss, seier Ulriksen.

Chartertur-forsking
Journalist Anders Søme Hammer har budd i Afghanistan sidan 2007, og er den einaste norske journalisten som har arbeidt i Afghanistan over fleire år. Han seier i ei e-post til Universitas at «eit av dei største problema med norsk Afghanistan-forsking er at forskarane ikkje har røynsle frå områda dei snakka om. Dei fleste som kjem til Afghanistan, vitjar berre Kabul og kanskje dei norske militærleirane i Mazar-e-Sharif og Maimana i løpet av ei veke eller halvannen».

LES OGSÅ: – Vi har stilt altfor få kritiske spørsmål til USA

Hammer har sjølv laga fleire dokumentarar frå Faryab, provinsen der mesteparten av dei norske styrkane i Afghanistan held til, og etterlyser meir sjølvstendig feltarbeid frå norske forskarar og journalistar.

«Faryab-provinsen blir nemnt kvar veke i norske medium og på seminar, men eg veit ikkje om nokre norske forskarar som har gjort sjølvstendig feltarbeid der dei siste fem åra», skriv han til Universitas.

«Det er ikkje slik at det er umogleg å reise dit og møte folka du skriv om», seier Hammer, som sjølv har reist mykje rundt i Afghanistan som journalist, utan vern frå NATO-soldatar.

Inga undervising
Ståle Ulriksen meiner manglande kunnskap om Afghanistan forklarar mykje av det som har gått gale.

– Forståinga av lokale tilhøve er heilt avgjerande for å forstå kva som skjer i Afghanistan, i mykje større grad enn i andre konfliktar eg har forska på. Ein av grunnane til at ting går gale, er at mange som er der nede ikkje forstår nokre ting av det afghanske samfunnet. Resultatet er feilvurderingar, ein blir rett og slett spila av lokale afghanarar.

Leiar for Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO), Øyvind Østerud, seier at konflikten i Afghanistan blir belyst i fleire kurs i statsvitskap ved UiO, men at instituttet ikkje gjev dybdeundervisning i konflikten.

– Vi har ikkje den ekspertisen som er naudsynt for å halde eit slikt kurs, seier han.

– Kunne de ikkje henta inn ekspertise utanfrå?

– Det er sikkert mogleg, men nokre av dei best kvalifiserte er ikkje tilgjengelege for omfattande undervising her på Universitetet.

Treige universitet
Oppdragsforskningen om Afghanistan skjer på NUPI og Institutt for fredsforskning (PRIO) i Oslo, og Chr. Michelsens institutt (CMI) i Bergen. PRIO-direktør Kristian Berg Harpviken meiner problemet med Afghanistanforskningen ikkje berre gjeld Noreg, men er internasjonalt.

– Eg føler meg ganske sikker når eg seier følgjande: Den beste Afghanistan-forskinga vi har hatt skjedde på 60- og 70-talet. Etter 2001 har det gått meir ressursar til Afghanistan-forsking enn nokosinne, men det meste av dette har hatt eit smalt fokus på korleis ein kan lukkast med det internasjonale fredsprosjektet, og stort sett vore utført av forskarar som ikkje kjenner landet frå før.

LES OGSÅ: Vil visa kjekk kvardag i Kabul

– Er det ikkje då merkeleg at det er så lite merksemd om den afghanske krigen frå universitetshald?

– Du har heilt rett i det. Universiteta er relativt upåvirket av dagsaktuelle saker i korleis dei set sin forskningsagenda. Det er det mykje bra i, universiteta er robuste, og kan setje sin eigen agenda. Men det er klårt at når det knapt finst ein einaste universitetsansatt som reorienterer seg er det jo pussig, seier Harpviken.

Øyvind Østerud er for så vidt samd i at uavhengig forsking på konflikten hadde vore ein god idé, men har ikkje statsvitere ved UiO som jobbar spesielt med Afghanistan.

– Det er krevjande å gjere god Afghanistan-forsking. Ein må kunne språka og tilbringe mykje tid i området. I tillegg er det vanskeleg å hente inn pengar frå uavhengige finansieringskjelder, seier Østerud.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Faktaboks

Oppdragsforsking er forsking som er betalt av andre enn universiteta eller høgskulane sjølve. Oppdragsgjevaren bestemmer kva som skal forskast på. Les meir her!