Tek flest juksarar i Oslo

UiO og HiOA utviser langt fleire juksarar enn dei andre store utdanningsinstitusjonane i Noreg. Kunnskapsdepartementet har ikkje oversynet over tala. No vil dei lage nasjonal svarteliste.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på studentar som blir teke for juks, og mistar studieplassen, er betydeleg høgare ved Universitetet i Oslo (UiO) og Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) enn ved andre store utdanningsinstitusjonar. Det kjem fram av tal Universitas har samla inn frå nokre av dei største læringsinstitusjonane i Noreg.

Hittil i år er over fire gonger så mange studentar kasta ut frå UiO og HiOA som ved Universitetet i Bergen (UiB) og Noregs teknisk – naturvitskapelege universitet (NTNU) til saman.

Ansvaret til universiteta
Høgres representant i Stortingets kyrkje- utdannings- og forskingskomité, Svein Harberg, meiner det vil få samfunnsmessige konsekvensar dersom det er slik at nokre studentar slepp unna med juks.

– Det er ikkje gunstig om det blir kjent at det nokre stader blir slått mindre ned på juks enn andre. Heile samfunnet avheng av at ein veit at dei som kjem ut etter end utdanning, kan det dei skal. Universiteta må vera med og halde greie på dette, seier han.

Harberg har vanskeleg for å tru at studentane er meir tilbøyelige til å jukse ved UiO og HiOA enn ved andre læringsstader.

– Det er unaturleg at studentar ved nokre universitet juksar meir enn andre. Ulikskapane kan tyde på at regimet omkring juks ikkje er like strengt overalt, seier han.

Harberg understrekar at det er ansvaret til universiteta å føre betre kontroll over juks.

– Vanskeleg å seie
Studiedirektøren ved UiO trur skilnadene kan kome av målretta arbeid med å avsløra juks.

– UiO har jobba medvite mot fusk over lengre tid. Det er ingen grunn til å tru at Oslo-studentar er meir uredelege enn andre studentar, seier avdelingsdirektør ved studieavdelinga ved UiO, Monica Bakken.

Korkje UiB eller NTNU vil kommentera tala Universitas presenterer.

– Dette kan eg ikkje kommentera. Vi har ei omfattande nytte av jukseprogrammet Ephorus, og systemet er enkelt tilgjengeleg. Det er vanskeleg å plukka ut nokon avgjort årsak som ligg bak, seier avdelingsdirektør på studieadministrativ avdeling ved UiB, Christen Soleim.

Òg juridisk seniorrådgjevar ved NTNU, Anne Marie Snekvik, slit med å forklara kvifor universitetet fangar opp og utviser færre juksarar enn ved UiO og HiOA.

– Det er vanskeleg å seia. Det kan vere at vi burde vore flinkare til å gjere Euphorus-systemet endå betre kjent blant faglærarane slik at fleire tek det i bruk, seier ho.

Nasjonal svarteliste
I Noreg finst det ikkje noko oversyn over omfanget av juks på nasjonalt nivå. I dag nyttar universitet og høgskular seg av det ordinære studentregisteret for å registrera studentar som juksar. Dei er òg forplikta til å orientere dei andre utdanningsinstitusjonane, slik at studenten òg blir utestengt frå desse. I april i fjor fortalde statssekretær Kyrre Lekve i Kunnskapsdepartementet (KD) til Universitas at systemet er tungvint og at KD ynskjer å byggje opp eit nytt system. Halvanna år seinare har det ikkje skjedd så mykje.

– Eg innrømmer at det ikkje er gjort nok sidan 2010, men no har vi sett i gang ei arbeidsgruppe, seier Lekve.

Statssekretæren fortel at innføring av eit nasjonalt register, med fullt namn på utestengte studentar, er komplisert med tanke på lovheimlar og personopplysingar.

– Registret blir først og fremst eit verktøy for at folk skal få utdanninga si utan at dei juksar og melder seg opp andre stader. Systemet må vere effektivt, men samstundes ivareta studentane sine rettstryggleik, seier han.

Held ikkje mål
Lekve fortel at fleire læringsstader ynskjer ei tydelegare ordning for informering av andre institusjonar når studentar blir utestengt. Han meiner dagens system for registrering av utestengte studentar ikkje held mål.

– Vi har grunn til å tru at studentar har kome seg inn på andre lærestader etter å ha vorte utestengt, men vi har ingen dokumentasjon på dette, seier Lekve.

Òg Monica Bakken er positiv til eit landsomfattande register.

– Dette vil vere eit viktig ledd i det preventive arbeidet mot juks. Det vil òg hindre glipp i informasjonsutvekslinga mellom lærestedane, seier ho.

– Glipp?

– Ja, i dag er det ein fare for at meldingar om utestenging kan gleppa, slik at studentar som eigenleg er utestengt likevel får registrere seg og studere.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Er det blitt for lett å juksa? Eller er det slik at studentar i Oslo er meir uærlege enn andre stader?