Krev innsats for rettferdig handel

Trick og treaty? spurte Changemaker då dei møtte fleire ministrar i dag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag var Changemaker ute og markerte Halloween med sin eigen vri "Trick or treaty, er norsk handelspolitikk berre lureri?"

– Noreg har brukt mange verkemidlar for å bli gode på det me ville bli gode på, og for å verna oss mot konkurranse på det me er dårlege på. Nå bruker me triks som å nekta fattige land å gjera det same gjennom ulike avtalar (treaties). Noreg må slutte å "tricke" utviklingslanda, seier Markus Nilsen, leiar i Changemaker.

Knapt svar frå Giske
Mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) stilte villig opp til Trick or treaty-spørsmål. Men han fortalte at det var tungt og vanskeleg å forhandle i det store og tunge WTO-systemet, då Changemaker lurte på om han ville kjempe i lag med fattige land for å la dei få verna seg mot dumping på same måte som rike land kan.

–  I WTO-forhandlingane arbeider Norge konsekvent for å ivareta interessene til dei fattige landa, blant anna slik at dei blir pålagt mildare krav til tollkutt og blir gjeve høve til å verna sensitive sektorar mot internasjonal konkurranse, sa Brekk.

Trond Giske var heller knapp i svaret frå Changemakers utfordring om meir openheit, men kosta på seg nokre smil i den lystige og solfulle aksjonen.

– Det er viktig at me i etableringa av bilaterale handelsavtalar sørgjer for at avtalen bidrar til utvikling og gode resultat både for våre handelspartnarar og Noreg, sa Giske, og påpeika at regjeringa jobbar for ein mest mogleg rettferdig handelspolitikk.

Fattige land må òg kunne stilla krav
Changemaker krev at òg fattige land skal ha høve til å verne seg mot dumping av jordbruksvarer. Dei krev at òg fattige land skal ha høve til å til å krevje at innbyggjarane deira blir brukt som arbeidarar og leverandørar når selskap etablerer seg i landet.

Utviklingslanda krev ein ny og eigen antidumpingsmekanisme i den såkalla Doha-runden i Verdas Handelsorganisasjon. Dette nektar USA og EU å gå med på.

– Noreg sit passivt på tilskodarplass og virkar nøgde. Dette førde blant anna til sammenbruddet i Doha-runden i 2008, seier Changemaker.

Faktaboks

Changemaker er Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon og er ein aktiv deltakar i debatten rundt utviklingslanda, og rolla deira i handelspolitikken.