Færre fullfører i tide

Over halvparten av studentane som byrja på eit bachelorstudie i 2005, fullførte ikkje studiet innan tre år. Lærarstudentane bruker lengst tid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag 32.500 studenter byrja på eit bachelorstudie i 2005. Statistisk Sentralbyrå har lagt ut nye tal som viser at kun 42 prosent fullførte innan tre år, mens 16 prosent brukte fem år på å gjera ferdig bachelorgraden. Tala for fråfall er samtidig høge.

– Det er ikkje et problem i seg sjølv at studentar fell frå dersom dei finn det fagområdet dei ønskjer, men det er eit stort problem dersom vi mistar dei fri høgare utdanning generelt, seier Kim Kantardjiev, leiar av Norsk studentorganisasjon, i ei pressemelding.

Lærarstudentane er blant dei verste
Dårligst ut kjem studentane ved allmennlærar- og grunnskulelærarutdanninga. Om lag 3000 studentar starta på denne fireårige utdanninga for første gang i 2004. 43 prosent av desse fullførte innan fire år, mens 56 prosent hadde fullført innan seks år. 27 prosent avbraut utdanninga i løpet av studietida.

Også studentane ved humanistiske og estetiske fag og lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk brukar lang tid. Høvesvis 15 og 12 prosent avbraut utdanninga allereie iløpet av det første året, og berre 35 prosent hadde fullført bachelorgraden tre år seinare.

På bachelor i økonomiske og administrative fag fullfører 35 prosent av studentane i løpet av tre år, mens heile 25 prosent avbryt utdanninga iløpet av studietida.

Ni av ti fullfører legestudiet
Omvendt er tala for det seksårige legestudiet. Av de 500 studentane som byrja ved studiet i 2002, fullførte 64 prosent innan tida. Åtte år seinere hadde heile 90 prosent fullført.

Statistisk sentralbyrå reknar ut fullføringstid ut frå det talet på år det er sidan studenten første gang var registrert i høgare utdanning.

Les saka i Universitas!

Kvifor meiner du at ikkje fleire klarar å fullføra innan normert tid?