Slik vil far til dataspelbransjen endra skulen.

mm
Faktaboks

Nolan Bushnell starta Atari på 70-talet, og blir rekna som ein av dei som grunnla dataspelindustrien. Newsweek har nemnd han blant femti menneske som endra Amerika. Les meir på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Nolan Bushnell har vore med på å utvikla dataspel sidan 70-talet. Sist helg var han i Bergen, i samband med visninga av filmen ”Something Ventured”.

Han tok seg også tid til å snakka om dagens skulesystem, og korleis dataspel kan hjelpa skulen til å engasjera elevane.

– Dagens skulesystem er dysfunksjonelt. Det lærer born å ikkje vera kreative. Me må omdefinera utdanninga, tordna Bushnell, ifølgje pressfire.no.

Lærer ti gonger raskare
Bushnell seier at ein kan læra ti gonger raskare med å bruka spelmekanikken til å framskunda danninga av nevronar i hjernen. Spelforskarar snakkar om ein flyt, der spelarane, får ein kjensle av å forlata kroppen, og bli ein del av spelet. Denne kjensla meiner Bushnell kan brukast i læresituasjonar.

LES OGSÅ: – Gruppearbeid er ein katastrofe

Bushnell er for tida involvert i spel som har som formål å hindra aldring av hjernen for folk over 35 år.

Likar "Minecraft"
Til pressfire.no seier han at han er særleg tilhengar av spelet ”Minecraft”:

– Det er så mange problem som må løysast. Konseptet med oppskrifter og råvarer er bra. Minecraft er at dei beste spela som har kome dei siste åra, seier han.

Trur du dataspel kan gjera skulen betre?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE