– Nynorsken er ikkje noko hinder

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den London-baserte bloggaren Mariell Øyre tek i desse dagar med seg bloggen hjartesmil frå blogg.no til den nyoppstarta plattforma Grayzine.no. Der skal ho blogge saman med fem andre som har blitt handplukka frå kunst- og motemiljøet i Oslo. Mellom bloggarane som er med i den nye plattforma er dei kjende motebloggarane Maja Casablancas og Jostein Wålengen, sistnemnde mest kjend for bloggen Beautiful Stranger, som mellom anna sikra han jobb som moteredaktør i Natt&Dag i ein alder av femten år.

– Det er som å flytta inn i eit stort og fint hus som er heilt nytt og eg har mitt heilt eige rom, skriv Mariell Øyre i eine post til Framtida.no.

Vil ikkje puttast i bås
–  Kva skjer med hjartesmil på blogg.no og alt du har skrive og delt av bilete tidlegare?

– Det vil komma etter kvart. Prosessen med å flytta arkivet mitt over er i gong, men det tek nokre dagar til. Med over 2000 innlegg og 50.000 kommentarar er det ikkje så vanskelig å skjønna at det tek litt tid.

–  Blogg.no har vore ein tumleplass for det mange har kalla rosabloggarar. Kva farge vil bloggen din få no?

– Eg fargesorterar ikkje, og har aldri tidligare sjølv sett på meg sjølv som ein rosabloggar. Ofte blir jenter putta i den båsen om dei ikkje skriv om samfunn og politikk eller passar inn i den andre kvinnedominerte bloggbåsen: mammabloggarar. Eg vil gjerne berre blogga om mine interesser utan å bli putta i bås. Eg har ikkje nokon éin farge. Ein palett, kanskje. Av pastellfargar.

–  Kva er det du gjer i London, utanom å blogga?

– Drikk cappuccino og les Frode Grytten-noveller på toget.

LES OGSÅ: hjartesmil

– Ikkje noko hinder
Mariell Øyre gjorde seg merkt i sommar ved å trekkje seg frå eit Det Nye-intervju då dei nekta å trykkje sitata hennar på nynorsk. Ho seier ho vil halde fram med å blogge på nynorsk på den nye plattforma:

– Nynorsken er svært viktig for identiteten min som bloggar, eg trur ikkje hjartesmil kunne funnest på noko anna språk. Etter at eg fekk stipendet frå Mållaget, har eg blitt enno meir medviten på at jobben eg gjer betyr noko, og det motiverer meg til å arbeide hardare for at fleire skal sjå at å skriva nynorsk ikkje er noko hinder, men ei hjelp for å bli betre klar over kven du er. Bloggarar som er sikre på seg sjølve tiltrekkjer seg lesarar uansett kva språk dei skriv på.

Heidra av Mållaget
Øyre, frå Øvre Årdal i Sogn, har lengje vore ein svært profilert bloggar i Noreg, og då ho i vår fekk nynorskstipendet på 50.000 kroner frå Noregs Mållag, la mållagsleiar Håvard Øvregård mellom anna vekt på at på bloggen hennar vart nynorsk «ikkje lenger eit vanskeleg fag på skulen, det er noko ein kosar seg med».

Faktaboks