– Slett forslaget om nedlegging

Brukte OD-dag hos Barneombodet til å snakka slettmeg.no si sak på Stortinget.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På halvanna år har Slettmeg.no svara på spørsmål frå 7500 personar som har blitt krenka på over 800 nettstader. I statsbudsjettet er slettmeg.no foreslått nedlagt.

Olivia Høilund-Carlsen Ruud frå ungdomspanelet til Barneombodet nytta høvet til å ta opp saka under ei høyring på Stortinget i dag.

– Ungdom treng ein stad å venda seg, utanfor nære omgjevnader. Det er vanskeleg å orientera seg på nettet. Og fleire opplever det svært ubehageleg at det til dømes blir lagt ut bilete dei ikkje ønskjer, sa ho.

Sjølv fortalte ho om venner av seg som hadde blitt fotografert rett etter ein klem, slik at det såg ut som om dei hadde kyssa.

– Slikt kan vera svært ubehageleg, understreka Olivia.

Det er Datatilsynet som driftar slettmeg.no. Dei treng 2,5 millionar kroner i året for å drifta tenesta.

La Facebook betala?
Statsråd Rigmor Aasrud har uttala at ho ønskjer at til dømes Facebook skal betala for ei slik teneste. Barneombod Reidar Hjermann seier at han tvilar på om det er ei god løysing.

– Kommersielle tenester gjer det som tener dei sjølv best, sa han.

Berit Skog, forskar ved NTNU i Trondheim, stiller også spørsmål ved om Facebook bør betala for ei slik teneste.

Ho viser samstundes til ei undersøking frå i haust som viser at 34 prosent av alle ungdommar mellom 13 og 17 år har lagt merke til andre som blir mobba på Facebook. Fire prosent har sjølv blitt mobba. I aldersgruppa 18 til 22 år har 30 prosent oppdaga folk som er blitt mobba.

Kva synst du om forslaget om å leggja ned slettmeg.no?