Kjempar mot blodkrisa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stigande blodtrykk

– Vi har funne eit par nye lunger til deg.

Ein varm junidag får Aleksander Lothe ein telefon frå transplantasjonslegen ved Rikshospitalet. Nokre få timar seinare ligg han på operasjonsbordet. Livet hans er i ferd med å få ein ny start. Aleksander vart fødd med den sjeldne sjukdomen cystisk fibrose, og har levd med dårlege lunger heile livet. Han har alltid visst at dagen ville kome då han måtte byte dei ut. Denne dagen kom for fire månader sidan.

– Eg vart trilla gjennom ein lang gong med mange operasjonssalar. Så kom vi til enden av gongen, og eg måtte seie ha det til familien. Det var veldig spesielt å sjå dei stå igjen medan eg måtte trillast vidare inn. Eg visste jo ikkje om eg nokon gong kom til å sjå dei igjen, fortel Aleksander.

Etter operasjonen forsvann mykje av blodet i kroppen til Aleksander på mystisk vis, og han fekk dermed overført mellom fire og fem liter blod. Ved sida av organdonasjonen er blodoverføring den viktigaste årsaka til at han lever i dag.

BLODKRISE. Hadde Aleksander levd ti år fram i tid, er det likevel ikkje sikkert han hadde fått den livsnødvendige blodoverføringa. Skal vi tru professor emeritus Hans Erik Heier ved Oslo Universitetssjukehus står vi nemleg overfor ein påtroppande blodkrise.

– Vi kjøper allereie plasmaprodukt frå det kommersielle marknaden i Europa. Om ti års tid vil vi òg vere avhengige av å importere andre blodprodukt som blodplater og raude blodceller, seier Heier.

Reknestykket er enkelt. Blodforbruket aukar, samstundes som færre og færre gir blod. Den komande eldrebølgja, fleire kreftpasientar og kronisk sjuke er grunnar til at blodbruken eskalerer. Dersom ikkje noko blir gjort, kan det få alvorlege følgje.

– I verste tilfelle blir vi nøydde til å innføre rasjonering av blodet. Då må ein byrje å prioritere kven som skal få blod og ikkje, seier Heier.

KJEMPA HARDT. Aleksander hadde behov for blodoverføring òg før lungeoperasjonen. Liva starta dramatisk, han vart født to månader for tidleg og måtte liggje i kuvøse. Han hadde for lite blod i kroppen, og fekk overført blod for å klare seg. Aleksander har med andre ord måtta kjempe hardt heile livet.

– Eg har ein vilje av stål, og var i full jobb fram til operasjonen, noko som er uvanleg for personar ramma av cystisk fibrose, fortel han.

Med ein lungekapasitet ned mot éi liter, ein fjerdedel av det som er normalt for ein frisk person, vart han i fjor sommar ført opp på ventelista for transplantasjon. No vart han nøydd til å gje opp jobben som lastebilsjåfør.

NORDMENN PÅ BOTN. Vi er blant dei dårlegaste i den vestlege verda til å gje blod. Seksjonssjef Kjell Rune Logan-Halvorsrud ved Blodbanken på St. Olavs Hospital fortel at blodgjevinga starta som ein solidaritetsrørsle i Europa etter andre verdskrigen. Dugnadsanden er ikkje lenger like sterk.

– No ligg vi på linje med austblokklanda i kor mykje vi gjev per innbyggjar.

Logan-Halvorsrud trur det kan skulde egoisme.

– Kanskje har vi vorte for oppteke av å få noko tilbake. Medan vi stressar rundt i jobbane våre, opptekne av å tene pengar, er det lett å gløyme andre.

NYTT LIV. Aleksander skildrar vera før og etter operasjonen som to ulike liv.

– Før operasjonen vart eg veldig fort sliten. Når eg hadde vore på butikken og handla mat, og skulle gå frå garasjen opp til huset, vart eg skikkeleg andpusten. Eg kaldsveitta, og det var heilt jævlig, om eg kan bruke det uttrykket. Skikkeleg «versting-andpusten», som om eg hadde sprunge hundremeteren, seier han.

Aleksander er usikker på kva som skal til for å få folk til å gje blod.

– Kanskje må dei oppleve at det skjer noko med vener eller familie for å skjønne viktigheita av blodgiving.

Dette viste seg tydeleg i sommar. I timane og dagane etter terroren 22. juli melde rundt 1500 potensielle nye blodgjevarar seg. 30. september kunne NRK.no likevel avsløre at Blodbanken ikkje har lukkast med å få tak i 500 av desse i ettertid.

TRONGT NÅLAUGA. Endå ein faktor som bidreg til blodmangelen er at reglane for kven som får lov til å gje blod i Noreg av mange blir oppfatta som svært strenge. Menn som har hatt sex med andre menn einkvan gong i løpet av livet er automatisk utelukka. Utanlandsopphald, partnarbytte, piercing og tatoveringar er andre tilhøve som kan føre til lengre karanteneperiodar. Retningslinjene, som er utvikla av Sosial- og helsedirektoratet utelukkar difor mange unge menneske.

Hans Erik Heier er ein av dei som har teke til orde for eit mildare reglement.

– Desse reglane har vorte til fordi vi er alt for redde. Dei er både for strenge og for sexfikserte, seier Heier som har jobba innanfor området i over 30 år.

Han meiner reglementet må gjennomgåast på nytt, og at ein må vere mindre restriktive på dei områda der det ikkje finst nokre rein smitterisiko.

FORSTÅR IKKJE ARGUMENTASJONEN. Legestudenten Sverre Myren er homofil, og hadde ynskt å gje blod dersom han fekk lov.

– Eg skjønarr at reglane må vere strenge, men ikkje at dei må vere så strenge som dei er i dag. Det er vanskeleg å sjå dei gode argumenta for at ein mann som einkvan gong har hatt sex med ein annan mann, skal utestengast på livstid. Det hadde vore betre med eit system der kriteria går på eksponering for smitterisiko, meiner han.

I blant anna Sverige og England har lovgjevinga vorte endra dei siste åra. Der har ein i staden karantenetid på tolv månader for menn som har hatt sex med andre menn.

– Då utelukkar ein ikkje ei gruppe på same måte som ein gjer her i Noreg. Det er ein litt meir rasjonell tilnærming, seier Myren.

LEGITIMERER DISKRIMINERING. Marie-Anne Ramuz Evensen har 35 års røynsle med seksualundervisning, skrive lærebok i faget og jobba mykje med seksuelle rettar. Ho er oppteken av kva for signal ein gjev unge gjennom regelverket slik det er i dag.

– Det skal vere trygt å både gje og få blod, men vi må likevel tenkja over kva vi formidlar. Ved å hengje fast i ein gammaldags betraktning av problemstillingen rundt seksualitet og HIV-smitte, der ein spør om identitet og ikkje individuell praksis og risikofylt åtferd, legitimerer ein diskriminering av homofile i andre samanhengar òg, seier ho.

I dagens seksualundervisning jobbast det aktivt for å kome bort frå denne gruppetenkinga, og Evensen meiner det er uverdig av norske styresmakter å leggje opp til å oppretthalde han.

– Det er ein etisk side ved saka, som ein burde kunne ta omsyn til utan at det skal gå ut over tryggleiken. Kanskje skremmer ein vekk mange som ein heller kunne fått med seg i den edle kampen for å få fleire til å gje blod, spekulerer ho.

MOTTAKAR I FOKUS. Seksjonssjef Logan-Halvorsrud ved Blodbanken i Trondheim meiner likevel det er god grunn til at reglane er så strenge.

– Pasienten skal alltid vere i fokus. Det skal vere heilt trygt å ta i mot blod i Noreg. For pasientar som er veldig sjuke kan ei overføring av infeksjonssmitta blod få store konsekvensar.

Sjølv ei lett forkjøling kan vere svært alvorleg for ein med nedsett immunforsvar.

– Eg trur det er stort potensiale for gjevarar blant folket. Eg vil heller byrje i den enden, siar Logan-Halvorsrud.

Han understrekar viktigheita av at unge melder seg sjølv om dei er usikre på om dei er eigna gjevarar.

NYE TILTAK. Sjølv om dei er usamde om der strengt reglementet skal vere, er Logan-Halvorsrud og Heiar samde om nokon felles tiltak for å løfte blodsaldoen over fattigdomsgrensa. Blant anna ynskjer begge seg ein blir felt blodgjevardatabase for heile Noreg.

– Systemet for å kartleggje blodgjevarar i dag er svært kritikkverdig. Datatilsynet har nemleg sett stopp for eit sånt register, siar Logan-Halvorsen.

Dermed må gjevarar registrere seg på nytt kvar gong dei flyttaren til eit nytt stad. Dersom du har gjeve blod i Oslo før og kjem til Trondheim, må du altså gjennom ny førstegangsundersøking og intervju.

– Dette er svært ugunstig, dyrt og tungvint, seier Logan-Halvorsrud.

Viktigast av alt er sjølvsagt å rekruttere fleire gjevarar.

– Det drypp litt på oss når det skrivast artiklar om dette temaet, men vi slit nok litt med marknadsføringa, seier Logan-Halvorsrud.

Ei god og effektiv løysing for å heve det låge gjevartalet har ein likevel ikkje.

STERKE KJENSLER. Aleksander fortel om kjenslene rundt det å skulle gå gjennom ein så stor operasjon.

– Det var ingen veg tilbake. Det er jo som å vinne i Lotto, ein sjanse ein får bare ein gong. Eg måtte berre følgje ei raud stripe som eg ikkje kunne vike frå ved å gå tilbake eller til sidan, akkurat som at eg vart frakta vidare på eit transportband, seier han i eit forsøk på skildring.

For å gje dei nye lungene ein mjuk start låg han i respirator dei første timane etter inngrepet, men denne vart fjerna rett før han vakna.

– Eg var så trøytt at eg ikkje klarte å bry meg, men då dei fjerna han byrja eg å hoste. Mamma sa at det var som om eg vart født på ny, for eg gjorde det akkurat det same den dagen for 34 år sidan, fortel han med bristende stemme.

POSITIV OPPLEVING. I Blodbanken i Trondheim ligg Mona Reitan frå Frøya i hyggelege omgivnader og blir tappa for blod for andre gongen.

– Eg har lengje tenkt på å gje, eg har bare aldri kome meg av stad, seier Reitan.

Dei tilsette i Blodbanken er oppteke av at det skal vere ein positiv oppleving å gje blod, og at donoren skal føle seg godt ivaretatt. Oppgåva deira er òg å luke ut personar som av omsyn til eigen eller tryggleiken til mottakaren ikkje bør vere gjevarar. Det er difor ein må gjennom eit kort intervju og fylle ut eit spørjeskjema kvar gong ein er der.

– Stort sett handlar det om at ein gløymer kva ein har gjort eller ikkje tenkjer over at det kan ha noka tyding. Kanskje har ein klort av ein sårskorpe eller teke ein paracet kvelden før, seier Logan-Halvorsrud.

VÆSKEINNTAK. På bordet ved sida av seg har Reitan juicen til eit glas. Når ein gjev blod er det viktig at ein får i seg nok væske og næring, slik at kroppen brukar kortast mogleg tid på å kome seg igjen. Difor får ein rikelig å drikke og noko å bite i.

– Dei som jobbar her er veldig hyggelege, og eg følar at dei passar godt på meg, fortel Reitan.

Ho kjenner fleire som har vore avhengige av å få blod. For henne var det eit enkelt val.

– Det er heilt ufarleg, og det kjennest ikkje vondt. Eg vil absolutt tilrå andre å gjere det same, seier ho.

LES HEILE SAKA I UNDER DUSKEN!