– Noreg ubudd på villare vêr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flaum, jordras, stengde vegar og evakuerte bustader. Uvêret som dei siste dagane har skapt problem i Sør-Noreg, kan bli ein del av kvardagen om nokre tiår.

– Noreg er ikkje bygd for framtida. Vegar, jernbanelinjer og vass- og avløpssystem er ikkje dimensjonert for vêret som ventar oss dei nærmaste 50 årane, seier administrerande direktør Liv Kari Hansteen i Rådgivende Ingeniørers forening til NTB.

Ifølgje ein rapport organisasjonen utarbeidde i fjor, vil det kosta over 800 milliardar kroner å rusta opp norsk infrastruktur. Verst stilt er vass- og avløpssystema, kommunale bygg, i tillegg til vegar og jernbane.

– Vi må alle forholda oss til den nye klimarøyndommen. Det er ein formidabel jobb som må gjerast i alle offentlege etatar. Vi treng ein heilskapleg analyse som fortel oss kva vi må prioritera, seier ho.

Klimaforskarane varslar varmare, våtare og villare vêr i Noreg dei neste 50 åra. Det er små sjansar for at ei svekking av Golfstraumen vil bremsa oppvarminga, som i stor grad kjem av utslepp av CO2 og andre klimagassar. (©NPK)

LES FLEIRE KLIMASAKER HER!