Student utan lånekasse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit korensemble sett saman av dagens studentar, ein moderne besserwisser, og Daniel Braut – ein bauta i norsk litteraturhistorie – står klare på scena. På Det norske teatret blir den siste finpussen lagt på premieren på Bondestudentar. Stykket er basert på Arne Garborg sin berømte roman med same namn, og fortel historia om den drøymande bondeguten Daniel som reiser til byen for å gjere seg smart.

Han kjem til Christiania og Heltbergs studentfabrikk, der Garborg sjølv var elev. Her møter han studentar som er alt han sjølv vil vere – med plattyske namn og fint mål. Han skjemmest over heimstaden sin, og freistar med alle middel å passe inn. Han går til og med så langt at han freistar å gifte seg rik.

Koristar med scenetekke
Dei unge studentane i korensemblet spelar medstudentane til Daniel, og brukar sine eigne studieerfaringar som inspirasjon.

– Eg likar alt med produksjonen, spesielt kostyma, fortel Peter Hoff entusiastisk. Som dei fleste andre i korensemblet høyrde han om oppsetjinga gjennom jungeltelegrafen. Universitetet i Oslo og Det norske teatret skulle setje opp Garborgs Bondestudentar, og var på utkik etter mannlege studentar til eit kor.

– Vi er jo eigenleg meir enn eit kor no, vi har replikkar og alt, fortel dei. Lærestad og skodespelarerfaring varierer blant dei, men scenetekke og studieerfaring har dei alle saman.

LES OGSÅ: Bli venn med Arne og Hulda

– I kontrakten står det korist/aktør, påpeikar Joachim Nyhoff og ler.

Dei unge herrane har jobba med prøveframsyningar sidan slutten av august og gler seg masse til premieren.

«Studentar har alltid vore nokre svin», seier Aasmund Olavsson Vinje når han talar til studentane ved Heltbergs studentfabrikk i stykket. Og det er mykje frå dagens studenttilvere som skodespelarane kjenner seg igjen i.

– Det var mykje fyll, lite lesing og dårlege studentbustader då som no, seier Hoff.

– Skippertaksmetoden er di verre heller ikkje ein del av historia.

Korensemblet tilrår Bondestudentar til sine medstudentar utan å nøle.

– Det er basert på ei gammal bok, men stykka har mykje humor og musikk, og vi trur resultatet er ganske underhaldande.  

– Kjenner igjen utferdstrongen
Nils Golberg Mulvik spelar hovudrolla, den ambisiøse og late bondestudenten.

– Eg kjenner meg igjen i Daniel på nokre punkt. Eg er frå gard sjølv, og veit at det er vanskeleg å bryte ut av der ein kjem frå, fortel han.

Mulvik har studert teaterproduksjon og skodespelarfag ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, og føler at stykket er like aktuelt i dag.

– Studenttilveret er ingen dans på roser, og det er mange av dei same problema som henger igjen. Samstundes fortel stykket mykje om universitetshistorie, og gjev eit innblikk i ein æra som skil seg frå dagens Oslo på mange måtar.

Mulvik kjenner på spenninga ved å tolke ein karakter som er så velkjent for mange i publikum.

– Det blir ei ekstra utfordring, for alle som har lese boka vil ha eit eige bilete av Daniel. Det er veldig gøy å få spele ein så kjent karakter, seier han.

– Kva er den største skilnaden og den største likskapen mellom deg og Daniel?

– Eg kjenner meg aller mest igjen i utferdstrongen hans. Elles håpar eg at eg er litt smartare enn han. Han har eit stort sjølvbilde, som kjem litt i vegen nokre gonger, seier Mulvik og ler.

– Men sjølv er eg jo skodespelar. Det krev eit stort sjølvbilde det òg!

– Sviket er universelt
Regissør Otto Homlung fortel at han har freista å oppdatere stykket så det skal appellere til dagens studentar og akademikarar.

– Då Garborg skreiv romanen, var han full av faen. Han ville skrive ein ironisk og satirisk bok som gav ballespark. Dette var det viktig for meg å halde i overgangen til scena, forteljar Homlung.

Han har både dramatisert og regissert stykket, og samarbeidde starta gjennom ein dialog mellom Espen Røsbak ved UiO200 og dramaturg Ola E. Bø.

– Eg så på det som ei skikkeleg utfordring, men var umiddelbart interessert. Stykka tek opp dagsaktuelle tema som å fornekte opphavet sitt og å finne seg til rette. Bondestudentane var dåtidas innvandrarar, forklarar Homlung.  Han meiner at mykje av problematikken rundt Daniel er universell.

– Daniels svik mot opphavet sitt er på ingen måte unik for den situasjonen han var i. Og sjå korleis det går med han.

Homlung samanliknar skjebnen til hovudpersonen med eit sitat frå Bibelen: «Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men tek skade på sjela si?». Gjennom kreativ bruk av ein moderne student som avbryt handlinga og gjev Daniel råd, lèt regissøren ettertida få kommentere teksten. Den moderne studenten framstår som ein belest litteraturvitar, som kjenner Daniels historie betre enn han gjer. Han er etterpåklok og allvitande.

– Boka er lese av så mange, og tolka av skuleelevar over heile landet, og dei vil vonleg kjenne seg igjen i den rollen.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)! 

Faktaboks

Les meir om Arne Garborg på Garborg.no og Wikipedia!

Les om Bondestudentar på Wikipedia!

Les heile Bondestudentar hjå NBdigital!