På Noregs minste høgskole strekk ikkje orda til. Kva gjer vel det når ein kan dansa kjensler?

Karina Hafnor/Universitas
Karina Hafnor/Universitas
Faktaboks

EURYTMI
 – Rørslekunst skipa av Rudolf Steiner kring 1911.
– Eurytmi tydar harmonisk rørsle.
– Den norske eurytmihøyskole vart skipa i 1983 i Moss. Ligg no på Frogner.
– Tilbyr fireårig profesjonsretta bachelor i eurytmi og innpassingsprogram for eurytmistar som har diplom frå fagskule.
– Eurytmistar kan arbeida som lærarar i steinerskuler og barnehager, i næringslivet, i sceneensemble eller terapeutisk verksemd som helseeurytmist
Kjelde: www.eurytmi.no
 

LES FAKTALUKK FAKTA

Det blafrar i fotside, vide kjortlar i raudt, oransje og rosa. Åtte menneske byrjar røra på seg. Fem av dei reisar raude flagg opp mot taket med ein strak arm. Ved hjelp av kroppen vert lyriske tekster og musikk til dans.

– Eurytmi er rørslekunst, forklarar rektor på Den norske eurytmihøyskole, Marianne Tvedt. Skulen ho leiar er den minste i Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, og dei tek kun inn tolv nye studentar annakvar haust.

Denne torsdagen er det er Mikaelifest, frå gamalt av den kristne Mikjelsmessa. I dag er det meir som ein haustfest, før det er tid for ferie. Studentane held på med ei av dei siste øvingane før dei skal vise fram eurytmien for eit publikum seinare på ettermiddagen. På veggen er det måla noko som kan likne eit fargekart med ei oversikt over kva for kroppslege rørsler som står til ulike lydar.

– Når me ser på fargen raudt veit me at det er ei kraftig rørsle. Blå er heller rolig og litt meir tom, forklarar Pratap Maharjan, ein av årets nye studentar.

Pratap er frå Nepal, og har drive med eurytmi i tre år.

– Rørselene kjem inn frå hjartet, og impulsen til rørsla går gjennom skuldrene, seier Pratap.

Berre to av årets nye studentar er frå Noreg. Dei andre kjem frå Russland, Kina, Nepal, Tyskland og Sveits. Staben består av rektor Marianne Tvedt og lærar Ragnhild Fretheim, men i løpet av året kjem det og fleire gjestelærarar på besøk til skulen for å undervisa.

– Me prøvde oss med noko undervisning på engelsk, men då lærde jo ikkje studentane noko norsk, forklarar Fretheim.

Eurytmi kan minna om ei blanding av moderne dans og ballett for dei som aldri har sett det før. Men i eurytmien kan ein bokstav vere ei rørsle, ein kan i prinsippet dansa sitt eige namn eller nasjonalsongen.

– For å kunne visualisera diktet grip ein fatt i dei same verkemiddel som diktaren tek i bruk, mellom anna rim, bokstav- og ordlydane, i tillegg til sjølve meiningsinnhaldet, seier rektor Tvedt.

– Med føtene skapar ein sjølve rørsla og tempoet, medan armane syng det ut. Hovudet, det er det som får det heile til å henga saman, held ho fram, medan ho strekk ut kroppen, med armane over hovudet.

– Det er noko anna enn dans, ein brukar til dømes ikkje beina på den måten ein gjer i balletten.

Rektor byrjar slå på tromma, og studentane tek korte, men faste steg framover. Ho siterar ein tekst på norrønt med kraftig stemme, medan ho held fram med å slå. Studentane har harde blikk, som ikkje ser på det vesle publikum i salen, og dei har bestemte rørsler.

Det er ikkje tilfeldig at fargane på kjolane er i kraftige signalfargar. Alvoret skal understrekast.

– Denne framsyninga, i grunn heile hausten har blitt prega av de som skjedde 22. juli, forklarar Marianne Tvedt.

Studentane avsluttar framsyninga ståande i ro, oppstilt som eit lite, blanda kor. Dei resiterar nokre vers frå «Til ungdommen». Til slutt spring dei hurtig ut til sidene, og alvoret er over. Eit lite smil dukka opp i det ein av studentane fall ut av rytmen i nokre få sekund.

– Bra dere, seier rektor.

Studentane tek raskt av seg dei fargesterke kjolane i det rektor gjer signal om at det er lunsj. Dei er slitne og andpustne etter mange timar med øving for kveldens førestilling.

Ida Sprich er frå Sveits, og var elev ved steinerskulen som barn.

– Det fasinerte meg då ei av mine tidlegare eurytmilærarar fortalde meg om eit forsøk ho gjorde med planter. Ho forma ulike lyder og rørsler over frø gjennom eit heilt år.

Ho oppdaga at plantene vaks annleis etter kva for rørsler ho gjorde over frøa. Det graskaret ho forma bokstaven L over, vaks fortare enn det graskaret som ho forma ein B over. Det vart i staden for tjukkare og kraftigare.

– Det syner meg at det er ein slags livskvalitet bak dette, seier ho.

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

ANNONSE