Studiane som gjev dei beste jobbane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På karrieremessene møtest studentar og føretak for å bli betre kjent. Men kva for studium gjev deg eigenleg sikker jobb og mest i løn?

For mange studentar er vegen frå studium til arbeidsliv lang og kronglete. Men for andre går det på skinner. Tannhelsestudentar har gode jobbutsikter og får mest i løn, medan studentar i sosialantropologi er både lønnstaparar og må ta på seg jobbar som ikkje er studierelevante.

Det viser oversynet som Universitas har laga basert på ei undersøking i regi av Norsk instiutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Undersøkinga tek for seg status for uteksaminerte masterstudentar eit halvt år etter fullførde studium.

Ikkje bekymra
Eit av verkemidla som skal bøte på avstanden mellom studium og arbeidsliv er karrieremessene som blir arrangert kvar haust. Her kan studentar møte potensielle arbeidsgjevarar, og ta det som kan bli dei første skritta mot ein framtidig arbeidsplass.

Studievennene Jonas Archer, Karianne Kitterød og Eivin Hansen tok seg fri frå pensumbøkene i samfunnsgeografi for å ta ein tur innom Arbeidslivsdagen til UiO.

Dei er ikkje bekymra for framtida.

LES OGSÅ: Manglar 4000 førskulelærarar

– Eg er ganske sikker på at eg skal klare å få meg jobb etter master, seier Archer.

På Arbeidslivsdagen blir dei tre studentane huka tak i av representantar frå Plan- og bygningsetaten.

– Dei er her med melding om å rekruttere akkurat samfunnsgeografar, seier Jonas, og understrekar at dei følar seg ynskt på Arbeidslivsdagen.

Det er ikkje berre Plan- og bygningsetaten som interesserer dei vordande samfunnsgeografane.

– Sjølv om dei ikkje er klar over det, trur eg òg kompetansen vår kan bli brukt både hos bankar og private aktørar i næringslivet, seier Hansen

Archer meiner studia bør tilretteleggjast slik at overgangen til arbeidslivet blir enklare.

– Studiet er for fritt. Man bør kunne spesialisere seg tidlegare, og det bør vêr meir fokus på førebuing til arbeidslivet. I tillegg blir ikkje faget vårt selt godt nok. Det er få i næringslivet som søkjer etter samfunnsgeografar, men det er fordi mange i næringslivet er ukjend med kompetansen til samfunnsgeografar, seier han.

Biologar utan jobb
Biologi er blant studia som kjem dårlegast ut. Forutan å vera blant fem på botn med ei brutto månadslønn på 29.570 kr, er 11,2 prosent arbeidsledige og 11,9 prosent i irrelevant arbeid på grunn av vanskar på arbeidsmarknaden.

– Det overraskar meg at tala for vanskar på arbeidsmarknaden er så høge. Dei er høgare enn eg hadde forventa, seier leiar for fagutvalet for biologi, Aubrey Roberts.

Ho synest Arbeidslivsdagen er eit godt tiltak, men saknar føretak som er relevante for biologar.

– Eg var der ikkje i år, men dei førre åra eg har vore der, var det svært få føretak som er relevante for biologar.

– Arbeider de i fagutvalet opp mot arbeidslivet?

– Ja, vi har ei gruppe i fagutvalet som heitar Biologar i jobb, som éin til to gonger i semestret tek med studentar ut på ulike føretak som er aktuelle som arbeidsplassar for biologar, seier Roberts.

Vanskeleg òg for humanistar
Biologane er ikkje åleine om å ha vanskar med overgangen til arbeidslivet. Kategorien Historisk-filosofisk peikar seg òg ut med ein høg del arbeidsledige.

– Humanistar slit generelt noko meir med overgangen frå utdanning til arbeidsmarknaden enn ein del andre kandidatgrupper. Dei har ofte utdanningar som ikkje kvalifiserer for eitt bestemt yrke, og det kan ta lite tid å finne ein jobb som matchar kompetansen, seier forskingsleiar ved NIFU, Jannecke Wiers-Jenssen.

Avstanden mellom samfunnsfag og humaniora er likevel ikkje så stor som mange kanskje trur. Blant dei som har teke samfunnsfag er 23,7 prosent arbeidsledige og 10,3 prosent i irrelevant arbeid, medan delen for humanistiske og estetiske fag er 27,7 prosent arbeidsledige og 12,3 prosent i irrelevant arbeid.

LES OGSÅ: Master gjev 79.000 meir i løn

– Er det noko som tyder på at høva til å få seg ein studierelevant jobb kjem til å bli betre eller vondare i framtida?

– Det avheng i betydeleg grad av den økonomiske utviklinga. Arbeidsmarknaden for kandidatar med utdanningar innanfor teknologi og økonomisk-administrative fag er nokså konjunkturavhengige. Dei som utdannar seg innan typiske velferdsstatsyrke, som utdanningar innan undervising og helsefag, vil ha gode høve for relevant jobb i overskodeleg framtid, seier Wiers-Jenssen.

LES SAKA I UNIVERSITAS!