Halvparten brukar hjelm

Bruken av sykkelhjelm aukar. For første gong brukar meir enn halvparten av alle syklistar hjelm.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No vernar over halvparten skallen

– For første gong sidan me starta med å registrera hjelmbruken brukar no over halvparten – 51 prosent – av alle syklande hjelm. Dette er 2,3 prosent fleire enn i fjor. Til saman er over 10.000 syklistar med i undersøkinga, seier Cecilie Waterloo Lindheim i Statens vegvesen.

Vegvesenet har registrert bruken av sykkelhjelm på utvalde stadar rundt i hele landet. Teljingane vart gjennomførte frå 6. til 10. juni.

Menn (53 prosent) er noko flinkare til å bruka sykkelhjelm enn kvinner (48 prosent), men auken frå 2010 til 2011 er omtrent like stor for begge kjønn.

Bruken er dårlegast i aldersgruppa 12–17 år (43 prosent), medan den er høgast i aldersgruppa under 12 år (73 prosent). I desse aldersgruppene er jenter flinkast til å bruka hjelm, medan forholdet er omvendt i aldersgruppa over 17 år. Her er kvinner registrert med 46 prosent, medan

54 prosent av mennene brukte hjelm, vert det opplyst i ei pressemelding.

Tala for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane syner at i vest er det 78 prosent under 12 år som brukar hjelm, 29 prosent mellom 12 og 17 år og 59 prosent over 17 år som brukar sykkelhjelm. Samalikna med undersøkinga i 2010, har hjelmbruken betra seg i den yngste og eldste aldersgruppa, men gått litt tilbake blant ungdomane.

– Hjelmbruken har auka jamt de seinaste årene. Me er glade for den positive utviklinga. Hjelm er eit viktig hjelpemiddel for å redusera talet på og alvorlegheitsgraden av hovudskadar om ei ulukke skulle skje, seier Lindheim.

LES SAKA I SOGN AVIS!