Lånekassen gjer om reglar for terroroffer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lånekassen gjer om reglar for terroroffer

Mange av offera i bombeaksjonen i regjeringskvartalet og massakren på Utøya slit med seinverknader. Den nasjonale pårørandegruppa har blant anna vore bekymra for at mange av Utøya-ungdommane ikkje vil klare å fullføre skule og studium på grunn av angst og mareritt. Lånekassen har derfor bestemt seg for å lempe på ein del av reglane for å hjelpe ungdommane og offera i regjeringskvartalet, skriv VG.

LES MEIR: Me står sterkare saman

Dette gjeld blant anna retten til sjukestipend, som betyr at lån vert konvertert til stipend i sjukeperioden dersom ein er heilt studieufør.

– Med heilt studieufør meiner vi også søkjarar som har prøvd å møte opp til studiestart, men som ikkje har hatt utbytte av undervisninga sjølv om dei har vore fysisk til stades, seier informasjonsrådgjevar Christin Dammen i Lånekassen til avisa.

LES MEIR: Trøystande ord i ei tung tid

Det er dessutan ikkje krav om at terroroffer møtte til skule- og studiestart i august, for at dei skal ha rett til sjukestipend. Dessutan vil terroroffer få stipend sjølv om dei flyttar heim til mor og far, noko som normalt ikkje gir grunnlag for å få stipend.

Studentar som får forseinking i studietida på grunn av terroråtaka, kan ha ei forseinking ut over normalt eitt år, før retten til lån og stipend forsvinn.

Lånekassen lempar også på fleire krav knytt til dokumentasjon og gir terroroffera eit eige kontaktnummer som gjer at dei slepp telefonkø. (©NPK)