CV-krav: Frivillig arbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terje Skeie går første året på medievitskap på Universitetet i Bergen (UiB), og er rykande fersk som reporter i Bergen Student-TV (BSTV). Han synest engasjement i relevante studentorganisasjonar er eit viktig punkt å ha på CV-ein. Skeie ser på BSTV-medlemskapen som eit høve til å få brei praktisk røynsle.

– BSTV har ikkje eit direkte rekrutteringssamarbeid med TV2. Men tilsette i kanalen held stadig kurs for oss, og dei påpeikar at det er viktig med utanomfagleg røynsle, seier Karina Asbjørnsen, ansvarleg redaktør i BSTV.

Andreas Roaldsnes, ansvarleg redaktør i Studentradioen i Bergen (SriB), meiner folk i større grad har vorte medvitne på der avgjerande det kan vera å ha radiobakgrunn viss ein skal søkja jobb i ein radiokanal.

– Det er likevel viktig at dei som får jobb i SriB er motiverte og engasjerte snarare enn å vera CV-ryttarar, poengterer han.

Skilje seg ut
Asbjørnsen seier det er vanskelegare å berre ha ei grad i medievitskap eller journalistikk i dagens arbeidsmarknad. Ho trur studentane har vorte meir medvitne på at dei må skaffa seg ekstra røynsle utanom det dei får frå utdanninga på UiB.

– Eg får eit slags konkurranseinstinkt og det er heilt klart at viss det står mellom to gode kandidatar er inntrykket mitt at eit engasjement i BSTV eller liknande er avgjerande, seier BSTV-reportar Skeie.

– Det var òg for å skilje meg ut at eg søkte her, legg han til.

Idar Nestaas frå Karrieresenteret meiner at ein blant anna tileignar seg leiarerfaring ved å ha verv i studentorganisasjonar.

– Ikkje minst viser det at studenten kan gjere fleire ting på ein gong. Viss du har interesse og er engasjert og dessutan har høve til verv oppfordrar vi til dette. Men ein skal ikkje gjera dette berre for ha det på CV-en, seier Nestaas.

– Positivt med erfaring
Av Kandidatundersøkelsen frå 2011 går det fram at 34 prosent av kandidatane hadde verv under studietida.

– Vi har ingen statistikk som viser at dette er noko arbeidsgjevarar vektlegg meir enn andre ting. Likevel viser tilbakemeldingar vi får frå bemanningsbyrå og føretak at det er positivt å ha røynsle frå studentorganisasjonar eller frivillig arbeid, seier Nestaas.

Skeie oppfattar at praktisk røynsle har mykje å seia for framtidige karrierehøve.

– Eg trur det er betre å ha middels karakterar og god praktisk røynsle i denne bransjen, enn å ha veldig gode karakterar utan noko røynsle. Å vise til konkrete saker som du har laga er, slik eg ser det, viktig for ein potensiell arbeidsgjevar, meiner Skeie.

– Gull verd
– Det er vanskeleg å få jobb i mediebransjen utan tidlegare røynsle. Vil ein ha jobb i TV, må ein stilla med utanomfaglig røynsle. BSTV er han einaste lokale TV-stasjonen i Bergen og dermed den einaste høvet til å få røynsla som trengs, siar BSTV-redaktør Asbjørnsen.

Roaldsen frå SriB meiner at ein stiller på nokså berr bakke viss ein søkjer jobb i radio utan å ha relevant røynsle, og at dette er noko studentar stort sett er medvitne på. Han understrekar at studentengasjement ikkje er særleg mykje verd dersom ein ikkje har gjort noko ut av vera der.

LES OGSÅ: Fangar røynda

Ferske Skeie føler han har investert godt i den framtidige karrieren sin som reporter i ein stor kanal.

– Det å ha vore innom eit studentmedium trur eg er veldig viktig. Eg trur òg det er gull verd å ha BSTV på søknaden når du vil jobbe med TV seinare, seier Skeie.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!

Faktaboks

Kandidatundersøkinga 2011

* 34 prosent har hatt verv i studentorganisasjonar frå UiB. Det samme gjeld 50 prosent fra NHH.
* 2 av 10 dreiv med frivillig arbeid. Fra SV-fakultetet hadde 44 prosent gjort frivillig arbeid.
* 2 av 10 opplevde at verv dei hadde hatt, klargjorde vidare yrkesval. 4 av 10 opplevde dette frå SV-fakultetet.
* Det var likevel ingenting i undersøkelsen om kor viktig studentane trudde det var med verv i studenorganisasjonar overfor potensielle arbeidsgjevarar.